nyhende

— Mykje tyder på at feila som er avdekte i desse sakene har svekt tilliten til Stortinget, og det er svært alvorleg, seier riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen. FOTO: GORM KALLESTAD / NTB / NPK
— Mykje tyder på at feila som er avdekte i desse sakene har svekt tilliten til Stortinget, og det er svært alvorleg, seier riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen.

Kraftig kritikk av Stortinget for rot med etterlønn

Utydelege reglar, feil informasjon og dårleg kontroll. Stortinget får det glatte lag av si eiga vaktbikkje etter at politikarar fekk pengar dei ikkje skulle ha.

Publisert Sist oppdatert

Riksrevisjonen har gått gjennom Stortingets ordningar for pendlarbustader, etterlønn og reiserekningar. Konklusjonen: Utydelege reglar, feil informasjon og dårleg kontroll har ført til at 51 stortingsrepresentantar har fått for mykje betalt i godtgjersler etter at dei forlét Stortinget.

Ordningane med etterlønn og sluttyting skal gi politikarane hjelp medan dei skaffar seg ei anna inntekt. Men ein tredel av dei 163 som har gått ut av Stortinget dei siste ti åra, har fått for mykje. Det kjem også av at mange har gitt feil informasjon.

— Fleire av landets folkevalde har ikkje overhalde opplysningsplikta og derfor har fått for mykje sluttyting og/eller etterlønn, heiter det i rapporten.

— Sterkt kritikkverdig

Riksrevisjonen meiner dette er sterkt kritikkverdig. Det same er det at presidentskapet ikkje har hatt tilstrekkeleg kontroll på at ordningane har vorte forvalta på ein tilfredsstillande måte og at administrasjon har forvalta regelverk, informasjon og kontroll på ein svært mangelfull måte.

Reglane har vore uklare og nærast lagt opp til misforståingar, meiner Riksrevisjonen. Stortingets praktisering har dessutan variert over tid.

Minst sju representantar har fått over 100.000 kroner meir enn dei har krav på.

Nådelaus riksrevisor

Riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen var nådelaus då han la fram rapporten.

— Konsekvensen er at det har skjedd store feil. Det er sterkt kritikkverdig og viser at Stortinget ikkje har hatt orden i eige hus. Det har svekt tilliten til vår viktigaste folkevalde institusjon – ein tillit som er avgjerande for det norske demokratiet, seier Schjøtt-Pedersen

Fleire medium har avdekt rot i Stortingets ordningane for pendlarbustader, etterlønn og reiseutgifter. Enkelte har til og med vorte dømt for bedrageri, men i mange av tilfella har det altså vore vanskeleg å forstå reglane eller få rett rettleiing frå administrasjonen.

— Må vere mogleg å forstå

— La det vere heilt klart — stortingsrepresentantane skal følgje gjeldande lover og reglar. Men det føreset at det er mogleg å forstå dei. Det er sterkt kritikkverdig at Stortingets presidentskap og administrasjon ikkje har laga eit tydeleg regelverk for sluttyting og etterlønn, seier riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen.

Sterk kritikk er den kraftigaste forma for kritikk som Riksrevisjonen kan gi. Den blir retta mot både presidentskapet og administrasjonen på Stortinget.

Pendlarbustadsaker

Sakene om pendlarbustader har ført til at enkelte politikarar har måtta forlate verva sine. Ei rekkje politikarar og Stortinget sjølv har måtta betale ekstra skatt, fordi Skatteetaten meinte godet ikkje var rapportert inn rett.

Riksrevisjonen slår fast at alle dei 271 representantar som fekk pendlarbustad i perioden 2009–2021, oppfylte vilkåra i regelverket. Men kontrollen med ordninga har vore for dårleg.

— Ein representant disponerte pendlarbustad i eitt år og fire månader utan å bruke han. Det skal ikkje vere mogleg, skriv Riksrevisjonen.

Dei viser til at det fór 15 år sidan – i 2008 – vart vedteke at kontrollen med pendlarbustadordninga skulle skjerpast. Dette har ikkje komme i stand før i 2023.

Alle som bruker pendlarbustad, skal levere ei årleg eigenmelding som stadfestar at dei sjølv bur der, og opplyse om kven dei eventuelt bur saman med. I 2013, 2015 og 2017 vart det ikkje sendt inn nokon eigenerklæringar. Administrasjonen etterspurde heller ikkje skjemaa.

— Alvorleg

Presidentskapet ser alvorleg på Riksrevisjonenes funn, seier stortingspresident Masud Gharahkhani (Ap).

Han påpeikar at Stortinget allereie har gjennomført og sett i verk ei rekkje tiltak som er i tråd med tilrådingane i rapporten. Det er vedteke fleire regelendringar, mellom anna når det gjeld retningslinjer for tildeling av pendlarbustader, og det er innført fleire kontrolltiltak.

Stortingets direktør Kyrre Grimstad seier det kan bli aktuelt å krevje tilbakebetaling frå enkeltrepresentantar som ifølgje Riksrevisjonen har fått for mykje utbetalt.

Powered by Labrador CMS