nyhende

- NAV er avhengig av hjelp frå arbeidsgjevarane for få utbetalt pengane, seier Astrid Østerlid, leiar i NAV region Sunnhordland.
- NAV er avhengig av hjelp frå arbeidsgjevarane for få utbetalt pengane, seier Astrid Østerlid, leiar i NAV region Sunnhordland.

Kraftig auke i talet på arbeidsledige

Talet på helt arbeidsledige i Sveio har gått opp frå 65 personar 10. mars til 237 24. mars. Det utgjer 8,2 prosent av arbeidsstyrken.

Publisert Sist oppdatert

Det er tilsvarande auke i dei andre sunnhordlandskommunane også. Prosentvis er Stord hardast råka med 9,5 prosent ledige, etterfølgt av Bømlo med 9,3. Kvinnherad og Tysnes har så langt blitt minst råka. Her er prosentandelen heilt ledige 6,5 og 5,9.

– Auken skulast først og fremst permitteringar som følge av koronakrisa, stadfestar  regionleiar Astrid Østerlid ved NAV region Sunnhordland.

Permitteringane fordeler seg på dei fleste bransjane, fortel  regionleiaren vidare.  NAV Sunnhorldand har oppretta eit innsatsteam for å møta den  kraftige auken i talet på permitterte.  Det blir også arbeidd med planar for oppfølging av  dei permitterte.

Også ledige jobbar

Samstundes med at talet på ledige skyt i veret, blir det likevel også stadig meldt om behov for arbeidskraft, seier Østerlid. Ho kjem difor med ei sterk appell til alle som melder seg ledige i desse dagar.

– Sørg for å registrera ein oppdatert CV når du melder deg ledig. Då blir det lettare for oss å kobla deg opp mot eventuelle ledige jobbar, seier ho.

Mest innan helse

Ikkje uventa er det mest innan helse og omsorg det blir meldt  om behov for arbeidskraft i dese dagar. Men Østerlid fortel også om verksemder innan varehandel  og industri som søkjer etter folk. I nokre tilfelle kan det vera behov for vikarar for folk som er sjuke.

Privat sektor

Mellom dei første som blei permitterte, både i Sveio og andre stader, var tilsette i frisørsalongar og treningssenter. Etter kvart gjeld det mellom anna også tilsette i varehandelen.

KS har oppmoda kommunane om å unngå permitteringar, og sveioordførar Linn Therese Erve stadfestar at ingen av dei tilsette i Sveio kommune er permitterte. Dei som har fått mindre å gjera, mellom anna på grunn av stengte barnehagar og skular, har fått nye oppgåver.

Som eksempel viser Erve til barnehagepersonalet som var med på å klargjera den nye, interkommunale koronaavdelinga ved Sveio omsorgssenter.

Powered by Labrador CMS