nyhende

For første gong er det gjennomført ein norsk studie kring demensutvikling. Illustrasjonsfoto: Frank May / NTB / NPK
For første gong er det gjennomført ein norsk studie kring demensutvikling.

Kraftig auke i nye tilfelle av demens

Ny, norsk studie om demens anslår at talet på nordmenn som utviklar sjukdomen er nesten fire gongar høgare enn det ein har trudd tidlegare.

Publisert Sist oppdatert

Fram til no har dei norske estimata kring demens vore bygd på forsking frå Europa og USA. For første gong er det gjort ein stor studie her i landet, skriv Nasjonalt senter for aldring og helse i ei pressemelding.

– Dette er den første kartlegginga av nye tilfelle av demens per år i Noreg. Tala vi presenterer no er langt høgare enn tidlegare antatt, seier Geir Selbæk, forskingssjef ved Nasjonalt senter for aldring og helse.

Studien har følgt 5000 personar over 70 år i nesten fem år.

– I litt over fire år utvikla 14 prosent av deltakarane i studien demens. Det vil seie at om lag 29.000 nordmenn utvikla demens i 2023. Dette talet vil truleg stige til nær det dobbelte innan 2050, seier Selbæk, som òg er professor i geriatri ved Universitetet i Oslo.

Helse- og omsorgstenestene står overfor veksande utfordringar knytt til ei aldrande befolkning og det aukande talet på personar som kvart år vil utvikle demens. Samstundes skjer det ei rask utvikling innan diagnostikk og behandling. Nye medisinar og blodprøver som kan avdekkje tidlege teikn til demens, gir håp om betre diagnostikk og behandling i framtida.

– Dersom fleire får ein diagnose tidlegare og lever lenger med demens, vil behovet for oppfølging og omsorg auke, ikkje minke. Dette vil leggje ytterlegare press på tenestene, seier Selbæk.

Han meiner studien eit grunnlag for å planleggje tenester for framtida.

Powered by Labrador CMS