nyhende

Tidleg påske i fjor kan vere ei av årsakene til tolmånadersveksten i matvareprisane i mars. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Tidleg påske i fjor kan vere ei av årsakene til tolmånadersveksten i matvareprisane i mars.

Kraftig auke i matvareprisane det siste året – himmelhøg prisvekst på sjokolade

Matvareprisane steig 8,6 prosent dei siste tolv månadene. Sjokoladeprisen fekk eit kraftig prisbyks og er opp over 30 prosent frå i fjor.

Publisert Sist oppdatert

Igjen er det sjokoladeprisane som aukar mest i pris og var i mars heile 32,1 prosent dyrare enn i fjor. Det er den høgaste prisveksten nokosinne registrert for sjokolade, viser tal frå Statistisk sentralbyrå.

I februar hadde sjokoladeprisane auka med 24,2 prosent på eitt år, som då var den sterkaste tolvmånadersveksten i sjokoladeprisar målt nokosinne.

Andre månad med stor auke

Mars er andre månaden på rad med stor auke i tolvmånadersveksten for matvarer – 1 prosentpoeng opp frå februar.

– Frå februar til mars fall prisane på mat og drikke, men dei fall mindre enn dei gjorde i tilsvarande periode i fjor. Det kan ha samanheng med at påska var tidlegare i fjor enn ho er i år, som gir seinare påskekampanjar og færre tilbod i mars i år, seier seksjonssjef Espen Kristiansen i Statistisk sentralbyrå.

Kaffi og poteter opp

Han forklarer at fordi matprisane fell mindre i mars samanlikna med tilsvarande periode i fjor, aukar tolvmånadersveksten frå februar til mars.

Medan prisen på påskevarer som lammekjøtt og ferdigmiddagar falle, har prisen på mellom anna kaffi og poteter stige.

Powered by Labrador CMS