nyhende
Kraftig auke i korona-pasientar ved Haugesund sjukehus
Fredag er det 19 pasientar med Covid-19 i Helse Fonna. 17 av desse ligg på Haugesund sjukehus.
Talet på pasientar med covid-19 har auka dag for dag denne veka, og i inngangen til helga er det 19 covid-pasientar i Helse Fonna. 17 av desse ligg på Haugesund sjukehus, og to på Stord sjukehus, melder Helse Fonna i ei pressemelding fredag føremiddag.
To får intensiv behandling
To pasientar får intensivbehandling. Begge er i aldersgruppa 18-64 år, 1 i Haugesund og 1 på Stord.
— Det er mange pasientar med covid-19 innlagt på sjukehusa i heile landet, noko som skuldast svært høgt smittetrykk i befolkninga. Tala kan tyde på at smitten har nådd toppen, men det er usikkert om dette også skuldast at færre testar seg, eller lar vere å melde inn positive eigentestar. Det er difor usikkert om vi har nådd toppen på innleggingar, forklarar administrerande direktør Olav Klausen i Helse Fonna.
Ressurskrevjande
Han understrekar at mange av pasientane som blir registrerte i statistikken vert innlagde med annan sjukdom og samtidig covid-19, og ikkje på grunn av covid-19-sjukdom. Det er framleis lågt tal på pasientar med covid-19 som treng intensivbehandling.
— Desse pasientane krev likevel meir ressursar på grunn av isolasjon og smittevern. Høgt sjukefråvær blant medarbeidarane gjev oss ei ekstra utfordring. Heldigvis er det mange som står på og tek ekstravakter. Det er eg svært glad for, seier Klausen.
Fredag var det 12 utskrivingsklare pasientar i føretaket. Klausen seier i pressemeldinga at han håpar at kommunane gjer ein ekstra innsats, slik at desse pasientane kan skrivast ut.