nyhende

Sjølv utan ny industri og med uendra energibruk, vil elektrifisering av eksisterande industri auke kraftforbruket frå dagens 50 TWh til 67 TWh per år i 2050. Illustrasjonsfoto.
Sjølv utan ny industri og med uendra energibruk, vil elektrifisering av eksisterande industri auke kraftforbruket frå dagens 50 TWh til 67 TWh per år i 2050. Illustrasjonsfoto.

Kraftforbruket vil auke mykje framover

Kutt i klimagassutslepp og grøn industri gjer at kraftforbruket i Noreg vil auke mykje framover. Sjølv utan ny industri og med uendra energibruk, vil elektrifisering av eksisterande industri auke kraftforbruket frå dagens 50 TWh til 67 TWh per år i 2050.

Publisert Sist oppdatert

Det viser rapporten «Lavutslippsscenario Norge» som Statkraft lanserte onsdag.

Auka kraftforbruk kjem i hovudsak av elektrifiseringa i transport-, industri- og petroleumssektoren. Alle scenario i rapporten viser overgang frå fossil energi til elektrisitet, men også vekst i utsleppsfritt hydrogen og bioenergi. Jokeren som kan auke forbruket ytterlegare er nye, grøne industrietableringar. Med ein høg industrivekst kan forbruket i industrien bli meir enn dobla frå 50 til 120 TWh per år.

– Viktig innsikt

Statkraft legg i år for første gong fram ein eigen rapport for den norske energiomstillinga mot 2050, som eit tillegg til det globale lågutsleppsscenarioet til selskapet for 2023. Rapporten presenterer tre scenario for den norske energiomstillinga som alle analyserer moglege utviklingsbaner for det norske energisystemet.

– Rapporten gir viktig innsikt når Noreg no skal balansere ulike omsyn og ta viktige avgjerder om vasskraft, vindkraft og nye energiløysingar som hydrogen og biodrivstoff, seier Statkrafts konsernsjef, Christian Rynning-Tønnesen, i ei pressemelding.

Analysane viser mellom anna at vidare utbygging av fornybar kraft og elektrifisering saman med energieffektivisering er hovudløysingane for vidare utsleppskutt i Noreg.

Dei viser òg ar det norske kraftforbruket aukar i alle Statkrafts scenario, drive av behovet for utsleppskutt, men også av vekst i industrien

Vidare utbygging

Også vasskraft held fram med å vere berebjelken i kraftsystemet vårt, men den forventa forbruksveksten fordrar ei vidare utbygging av fornybar kraftproduksjon, som vindkraft på land og til havs, og dessutan solenergi.

Kostnaden for vindkraft på land, solkraft og batteri vil framleis falle, men kostnadsfallet vil bli størst for havvind og gi gradvis styrkt konkurranseevne mot 2050

Til sist viser analysane at landbasert vindkraft kan gi Noreg rimeleg kraft og er den teknologien som best legg til rette for at vi realiserer klima- og industripolitiske mål så billig som mogleg for det norske samfunnet. Ein føresetnad er gode løysingar som hindrar unødig store naturinngrep og som gir nødvendig aksept lokalt og nasjonalt.

Powered by Labrador CMS