nyhende

Sunnhordlandsrådet på sin årlege tur til storting og regjering:

Kraft og samferdsel i fokus

– Desse turane er svært viktige og nyttige, seier André Mundal Haukås (H) etter at Sunnhordlandsrådet har vore på sitt årlege besøk i Stortinget og regjeringsapparatet denne veka.

Publisert Sist oppdatert

Sveioordføraren er også leiar for Sunnhordlandsrådet. Med seg til Oslo tysdag og onsdag hadde han ordførarar og kommunaldirektørar frå Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord og Tysnes. Dagleg leiar i Sunnhordlandsrådet Tora Haslum Myklebust er med på turen.

Åtte departement

I tillegg til møte med  Hordalandsbenken på Stortinget var dei innom Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Barne- og familiedepartementet, Energidepartement, Helse- og omsorgsdepartementet , Justis- og beredskapsdepartementet, Kommunal- og distriktsdepartementet, Kultur- og likestillingsdepartementet, Næring- og fiskeridepartementet og Samferdselsdepartementet.

– Det er regionale saker me løftar fram på desse turane, seier Haukås, og nemner kraftforsyning og samferdselssaker som to av dei viktigaste.

Kraft og samferdsel

I Sunnhordland, og då først og fremst i Kvinnherad, blir det produsert svært mykje kraft, men nettet er så dårleg utbygd at næringslivet sine utbyggingsplanar kan bli hindra av kraftmangel.

– Verksemder som vil etablera seg i fiskerihamna på Bømlo vil for eksempel få beskjed om dei ikkje vil få tilgang til nok kraft, seier Haukås.

Når det gjeld samferdsel var det først og fremst E39 og E134 som blei løfta fram.

Hordfast er jo ikkje med i Nasjonal Transportplan (NTP) som Stortinget vedtok i fjor. Reguleringsarbeidet har likevel halde fram. Framdriftsplan for reguleringsplanen skulle vore oversendt til Samferdselsdepartementet hausten 2024.

– I Stortinget sin spørjetime tysdag stadfesta samferdselsminister Jon-Ivar Nygård at regjeringa vil fullføra reguleringsplanen og at oversendinga vil skje no i byrjinga av 2025, seier Haukås.

Samferdselsministeren svarte på eit spørsmål frå stortingsrepresentant Liv Kari Eskeland (H).

Ressurskrevjande brukarar

Sunnhordlandsdelegasjonen tok også opp den pressa kommuneøkonomien og nemnde fleire område der kommunane meiner dei burde fått auka kompensasjon. Eitt av desse felta gjeld særleg ressurskrevjande brukarar innan helse og omsorg. Slik ordninga er i dag, får ikkje kommunane kompensert for ekstra utgifter når desse brukarane har passert 67 år.

– Me opplever at både statsrådar, statssekretærar og stortingsrepresentantar lyttar interessert og er interesserte i dei sakene me bringar til torgs, seier Haukås.

Under opphaldet i hovudstaden var også havbruksnæringa, betre vegar og ferjetilbodet tema for samtalar, går det fram av ei pressemelding Sunnhordlandsrådet har sendt ut.

Powered by Labrador CMS