nyhende
Køyrte av vegen i sving
Laurdag kveld havna ein personbil i grøfta på Tittelsnesvegen.
Politiet fekk melding ulukka kort tid etter klokka 20.00, og rykka raskt ut til staden. Det same gjorde Sveio brannvesen og ambulanse.
Utforkøyringa skjedde i ein sving like i nærleiken av Rotatjørna.
— Bilføraren har forklart at teknisk feil på bilen truleg var årsaka. Han fekk ikkje til å svinga og hamna dermed utfor vegen og i grøfta, seier vaktsjef Inger Frøyland Jensen ved Haugesund politistasjon.
Det var berre føraren i bilen, og han klaga på smerter i skuldera. Han blei difor teke med i ambulanse til helsesjekk.
— Me har ikkje høyrt noko meir i høve til skade, og det tyder på at personen ikkje er alvorleg skada. Politiet har også vurdert det slik at det ikkje blir oppretta sak på ulukka, seier Frøyland Jensen søndag føremiddag.
Bilen vart også skada, men ulukka førte ikkje til trafikale problem på staden.