nyhende
Køyrer stil med nyvaska traktorar i år også
Innslag av traktorar på 17. mai har vore ein ubroten tradisjon sidan 2016, og med åra har kortesja utvikla seg til å bli stadig lengre. I fjor var eit høgdepunkt – sjølvsagt blir det i år også.
– Me må prøva å halda tradisjonen, seier Espen Frøvik, som bur på Tveit. Første året var det to-tre traktorar, etterkvart har det blitt fleire. I 2019 var det 18 som køyrde frå krins til krins. I fjor blei toget meir offentleg og organisert for første gong, men kor mange som var med er ikkje sikkert.
Likt som i fjor
– I fjor hoppa folk på og av der det passa. Me var ein god gjeng, eg satsar på at det blir bra i år også, seier Frøvik. Opplegget blir likt som i 2020, med start på Ekrene klokka halv ti, og slutt i Førde. Kortesja går gjennom fleire byggefelt og sidevegar. Dei som blir med får start til slutt, må rekna med å sitja på traktorsetet i litt over to timar.
Dei fleste doningane høyrer til gardsbruk, og bak rattet er det unge, traktorvande sjåførar. Det starta med ein kameratgjeng.
– Flesteparten kjem frå området rundt Sveio sentrum. Det tar litt tid å flytta traktorane, så det er begrensa kor mange som kan køyra langt, seier Frøvik, som veit at minst ein traktor kjem frå nordre del av kommunen. I fjor var ein del av kortesja ein spontan tur innom Valevåg, men det blir dessverre ikkje dette året.
Først og sist
Å arrangera ei traktorkortesje er grei skuring etter kvart, men litt organisering må til.
Frøvik køyrer fremst. Han har kommunikasjon med ein kamerat, som alltid er heilt bak, slik at dei er sikre på at alle som vil kjem med. Dei som vil vera med, blir slept til innimellom, der det passar.
Den unge gardsguten synest det var kjekt med den positive responsen som kom i fjor.
Årsvasken
– Det var ganske mange som stilte seg opp og følgte med oss i fjor, flest var det på Rophus, men det var bra med folk langs vegen òg. Folk synest det var tøft. Det var overraskande at så mange blei med, seier Frøvik, som jobbar som elektrikar til dagleg.
Nå har det blitt slik, at den årlege rundvasken for mange av traktorane blir lagt til nasjonaldagen.
– Me vaskar og gnikkar, og står gjerne ein dag for å vaska, seier den muntre ungdomen.
Sjåførane er for det meste gutar, men jenter har og vore med. I full finstas, så klart.