nyhende

Ønskjer seg blinkande varsellys for å åtvara bilistane:

Køyrde vidare etter å ha kollidert med hjort

Ved 20.00-tida fredag for ei veke sidan blei Dagfinn Fagerland Bjørge i Sveio kommune kontakta av eit ektepar som hadde vore vitne til påkjørsel av ein hjort på E39 ved Austvik nord for Førde.

Publisert Sist oppdatert

Bilen som kolliderte med hjorten, var fremst i ei rekke med bilar på veg nordover. Korkje denne bilen eller dei andre i bilane i kolonnen stoppa. Ekteparet som tipsa, var på veg sørover.

Etter telefonsamtalen med Bjørge snudde dei og køyrde tilbake til kollisjonsstaden. Der konstaterte dei at dyret låg i vegkanten. Mannskap som Bjørge sende ut, kom fram 20 minuttar etter at han hadde fått den første meldinga. Det blei då konstatert at hjorten var død.

– Å køyra frå eit påkjørt dyr utan å melda frå til politiet eller oss i viltforvaltinga, er for det første ulovleg og straffbart. For det andre risikerer dei med kaskoforsikring å gå glipp av fritak frå eigendel når det ikkje melder melder frå til politiet om det som har skjedd, seier Bjørge.

Han presiserer at det er politiet ein skal melda frå til på 02800. Deretter tar politiet kontakt med viltnemndene i den aktuelle kommunen.

Ønskjer varsellys

Påkøyrsel av vilt langs vegane er uansett eit problem. No ønskjer Bjørge seg ein rigg med blinkande lys som kan aktiverast på dei tidene det er størst fare for dyr i vegen.

– Eg kan tenkja meg slike varsellys ved Austvik, og kanskje ein stad nærare Valevåg. Dei har slik lysvarsling på Stord, men me har så langt fått avslag på vårt ønske, seier Bjørge.

Dei lokale viltstyresmaktene har møte med Statens vegvesen kvart femte år for å diskutera og eventuelt endra skiltplanane når det gjeld varsling av fare for vilt i vegen.

Inngjerding

Når det blir sett opp skilt som varslar fare for vilt over ein strekning på fleire kilometer, er Bjørge redd for at det kan ha liten påverknad på bilistane sitt køyremønster.

– Kva med viltgjerde, som kanskje er meir vanleg austpå?

– I samband med det vegarbeidet som er gjort på E39 nord for Førde, er det ikkje krav om viltgjerde. Når ny firefelts E39 måtte koma, vil derimot krava vera mykje strengare. Då blir det krav om inngjerding, seier Bjørge.

Lokkar dyra til vegen

Han peikar også på at med det arbeidet som no er gjort nord for Førde, er det sådd til med nytt gras langs vegen. Dette representerer eit nytt beiteområde som trekkjer hjort og rådyr mot vegen. På den andre sida er det ei god hjelp at det er sett opp veglys langs vegen.

Fleire tusen dyr blir påkøyrde langs norske vegar kvart år. Dette medfører ofte store materielle skadar, i nokre tilfelle også personskadar og død.

I Sveio blei seks hjortar og 17 rådyr påkøyrde i løpet av 2023. Ifølge Bjørge det kan vera ein del mørketal i tillegg. Hjortane blei påkjørte langs E39 og Fv. 47, rådyra over heile kommunen,

Powered by Labrador CMS