nyhende

PolitiHaukås
Onsdag var det ny kontroll på E39 i Sveio (arkivfoto).

Køyrde rett under 100 kilometer i timen

Politiet heldt kontroll på E39 sør for Haukås på onsdag.

Publisert Sist oppdatert

– Dei var denne gongen sør for krysset ved Haukås, seier vaktsjef ved Haugesund politistasjon Andre Skram Hansen.

Onsdag hadde dei ein ny kontroll langs E39, denne gongen i 80-sona.

– Det vart delt ut ti forenkla førelegg, seier Hansen.

Den som hadde dårlegast tid runda nesten tresifra fartsmåling.

– Høgaste fart var 99 kilometer i timen i 80-sona, seier vaktsjefen.

Powered by Labrador CMS