nyhende
Køyrde i 116 i 80-sona
Seint på torsdag heldt Utrykkingspolitiet kontroll i Sveio. Der vart fleire tekne grunna fart.
Det nærma seg midnatt då Utrykkingspolitiet sette opp kontroll på E39 i Sveio.
— Frå om lag klokka 23.10 heldt dei på til rundt 00.10, seier Britt Jorunn Løvereide, vaktsjef ved Haugesund politistasjon.
Ved Austre Bråtveit sto dei klar med lasermålar i 80-sona. Etter to timar hadde fem sjåførar vorte stoppa grunna for høg hastigheit.
— Det vart fem forenkla førelegg grunna hastigheit. Ein av sjåførane vart meldt til politiet, seier Løvereide.
Ein av dei stoppa var farleg nært å verta fotgjengar.
— Høgaste hastigheit var 116 kilometer i timen i 80-sona. Det er akkurat på grensa, seier Løvereide.
Vaktsjefen forklarar at viss ein ligg over 36 kilometer i timen raskare enn lovleg hastigheit vil ein mista førarkortet.