nyhende

PolitiUP er ikkje berre å treffa på E39. Det fekk trafikantar på Ålfjordvegen merka tysdag.

Køyrde av vegen og velta

Laurdag kveld køyrde ein bil av vegen i Fjellvegen. Inge blei skada, men det er mistanke om promillekøyring.

Publisert Sist oppdatert

Det var ein huseigar som melde frå til politiet klokka 21.08.

– Ein bil hadde køyrd av vegen og velta. Den sto på hjula i skråningen ned til garden hennar, seier vaktsjef André Skram Hansen ved Haugesund politistasjon.

Då politiet kom til staden var det ingen personar ved bilen. Etter kvart som politiet fekk snakka med vitne, blei det avklara kven som hadde køyrd bilen.

– Føraren vart pågripe, og det var mistanke om promillekøyring. Han vart teke med til Haugesund for å ta blodprøvar, seier Skram Hansen.

Powered by Labrador CMS