nyhende
Kortare reisetid og fleire dobbeltdekkarar
Frå 1. november blir reisetida med Kystbussen mellom Stavanger og Bergen kutta med 25 minuttar. Og no skal dobbeltdekkarane stoppe på Haugalandet.
Kystbussen har mykje nytt på gang. Kortare reisetid heng tett saman med den nye motorvegtraseen på E39 mellom Svegatjørn i Os og Rådal opnar tysdag.
Enklare for pendlarar
Samstundes blir det sett inn fleire morgonavgangar, spesielt tilpassa pendlarar i Haugesund og Stavanger. Første avgang frå Haugesund til Stavanger blir klokka 05.55, mens første avgang frå Stavanger til Bergen blir klokka 5.45, melder Tide i ei pressemelding.
Totalt vil Kystbussen no køyre 228 avgangar mellom Bergen og Stavanger kvar veke.
Nye trasé i Bergen
Det blir også store traséendringar for Kystbussen inn til Bergen. Den vil frå og med tysdag neste veke ikkje lenger køyre om Nesttun, men køyre motorvegen mellom Lagunen Terminal og Bergen Sentrum. For dei reisande inneber det at busstoppet på Nesttun Terminal blir byta ut med Lagunen Terminal, og at alle busstopp langs den gamle ruta mellom Nesttun og Tøsdalskiftet ikkje lenger blir nytta. Første stopp etter Lagunen terminal blir Hallhjem ferjekai.
— Vi gler oss til den nye vegen kjem. Nye E39 vil gi betydeleg reduksjon i reisetida mellom Stavanger og Bergen, og gi ei reisetid ned mot 4 timar på våre «strake vegen«-avgangar mellom Stavanger og Bergen, seier Svein Helge Hauge som er produkt- og konseptsjef i Tide.
Fleire dobbeltdekkarar
I løpet av november kjem det også to nye dobbeltdekkarar som skal drifte strekningen mellom Haugesund og Stavanger. Dei nye dobbeltdekkarane gått i rute mellom Bergen og Stavanger sidan juni i år, og dei har vore ein stor suksess. Vi gler oss difor veldig til å få fleire dobbeltdekkarar i drift og gjere tilbodet tilgjengeleg for reisande til og frå Haugesund, seier han.