nyhende

Vidar Fylkesnes på Emberlandsnipa. FOTO: PRIVAT
Vidar Fylkesnes på Emberlandsnipa.

— Kort veg til vatn, sjø og fjelltoppar

Vidar Fylkesnes er gjest i vekas «Hei, sveibu!»

Publisert Sist oppdatert
— Kva gjer du til dagleg?
— Kva gjer du til dagleg?

Hei, sveibu!

Namn: Vidar Fylkesnes

Alder: 45

Bustad: Ekrene

— Eg har fagbrev i trevare- og møbelsnekkarfaget og jobbar på Førre Dører og Vindu i Førresfjorden. Der lagar eg mellom anna vindu av ulike slag.

— Kva er det beste med å vera sveibu?

— Det er kort veg til friluftsliv og opplevingar i naturen både på vatn, sjø og fjelltoppar. Eg er mykje ute og har gått på dei fleste toppane i Sveio. Biletet er frå Emberlandsnipa.

— Er det noko du saknar i Sveio?

— Betre busstilbod. Sveio er midt i leio mellom Stord og Haugesund, men busstilbodet er ikkje bra nok. Særleg mellom Sveio og Haugesund.

— Kva er ditt beste Sveio-minne?

— Ein varm sommarkveld i kano på blikkstille Vigdarvatnet. Eg håper på fleire slike opplevingar.

— Kven i Sveio vil du framsnakka, og kvifor?

— Dei som har laga til tursti langs Bjellandselva. Det er vel Vigdar grunneigarlag og turlaget. Det er ein fantastastisk fin tur og eit flott område ved vatnet. Eg har gått der mykje etter jobb.

Powered by Labrador CMS