nyhende

Koronasertifikat på mobilen viser om du er vaksinert med «raudt eller grønt lys». Det viser vaksineringsstatus, om du er frisk frå smitte og testresultat. No skal det endrast. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB / NPK
Koronasertifikat på mobilen viser om du er vaksinert med «raudt eller grønt lys». Det viser vaksineringsstatus, om du er frisk frå smitte og testresultat. No skal det endrast.

Koronasertifikatet blir endra i februar

Publisert Sist oppdatert
NPK: Frå 1. februar må fullvaksinerte ha fått oppfriskingsdose om det har gått meir enn 270 dagar sidan siste dosen, for at koronasertifikatet skal vere gyldig i EU.

Med andre ord vil fullvaksinasjon gi gyldig EU-koronasertifikat i berre 270 dagar frå den siste vaksinedosen frå og med 1. februar.

Dersom ein har teke eller tek oppfriskingsdose, vil sertifikatet bli forlengd utan avgrensing, skriv FHI i ei pressemelding.

Det bestemde EU før jul. Dei vedtok samtidig at påvist koronasjukdom etter fullvaksinasjon ikkje blir sidestilt med oppfriskingsdose. Dette gir i staden gyldig koronasertifikat i 180 dagar.

– Påvist covid-19 gir gyldig koronasertifikat basert på gjennomgått sjukdom frå dag 11–180 (som svarer til rundt 6 månader). Når gyldigheitsperioden har gått ut, trengst anten ein oppfriskingsdose, ein ny periode med gyldig sertifikat basert på påvist covid-19, eller eventuelt ein negativ test (i land som tillèt det) for å få gyldig koronasertifikat, skriv FHI.

Det norske koronasertifikatet og verifikasjonsappen vil bli tilpassa i samsvar med endringane i god tid før 1. februar, skriv FHI.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS