nyhende

«Alt blir bra» var eit vanleg slagord for mange unge under koronapandemien. Forskinga tyder på at det stemte for dei aller fleste. Foto: Lise Åserud / NTB / NPK
«Alt blir bra» var eit vanleg slagord for mange unge under koronapandemien. Forskinga tyder på at det stemte for dei aller fleste.

Koronapandemien gjorde mindre skade på dei unge enn frykta

I desse dagar er det om lag seks år sidan SARS-CoV-2 – betre kjent som koronaviruset blei oppdaga. Mange meinte dei strenge smitteverntiltaka ville råke unge ekstra hardt, men forskinga i etterkant fortel ei anna historie.

Publisert Sist oppdatert

– På befolkningsnivå har vi funne veldig få arr etter pandemien blant unge, sa Nova-forskar Anders Bakken under eit seminar onsdag.

På seminaret med tittelen «Gikk alt bra? Da Norge stengte ned og de som hadde det vanskelig fikk det verre» delte fleire forskarar funn om korleis pandemien påverka oppvekstvilkåra til barn og unge under pandemien.

– Positive utviklingstrekk

Bakken viste til forsking på deltaking i fritidsaktivitetar, psykisk helse og korleis unge gjer det på skulen.

– Vi fann dei same utviklingstrekka i område som blei hardt ramma av tiltak og område som nesten ikkje blei ramma i det heile, fortalde forskaren.

Talet på unge som deltok i organisert idrett gjekk litt ned under pandemien, men er i dag tilbake på same nivå som i 2019. Også korleis unge føler seg og kor mykje dei slit psykisk er relativt likt no, som før pandemien.

– Det er faktisk færre unge som rapporterer om einsemd etter pandemien enn før, sa han før han spøkefullt la til:

– Pandemien sette i gang positive utviklingstrekk.

Verre for enkelte

Trass i at det store biletet viser at unge kom betre ut enn vi frykta, finst det fleire dystre enkeltskjebnar.

– Dei som hadde dei dårlegaste relasjonane før pandemien blei hardare råka i etterkant. Dei mest utsette blei hardast råka, sa Bakken.

– På befolkningsnivå har vi funne veldig få arr etter pandemien blant unge, ifølgje Nova-forskar Anders Bakken

Også Nova-forskar Alida Skiple deltok på seminaret. Ho har sett på korleis pandemien og tiltaka påverka dei mest sårbare ungdommane. Fleire av dei ho har vore i kontakt med hadde ulike utfordringar før pandemien, nedstenginga gjorde situasjonen verre for nokre av dei.

– Heimeskule blei sentralt, og fleire rapporterte at dette var noko dei treivst dårleg med. Likevel var det nokre som synest det blei betre med heimeskule, sa ho.

I etterkant av pandemien har dei fleste ungdommane Skiple var i kontakt med komme seg greitt tilbake i ein vanleg kvardag. Men det finst mørketal.

– Eg høyrer framleis om ungdom som ikkje har komme seg tilbake. Eg høyrer framleis at pandemien blir problematisert av tilsette i Barnevernet. Dei fortel om eksempel på unge som har falle heilt ut av systemet.

Ikkje så sårbare

Anders Bakken peika på fleire faktorar som kan vere grunnen til at etterverknadane av pandemien har blitt mindre dramatiske for ungdom enn vi frykta.

– Det blei sett inn massiv innsats for å demme opp. Få ungdommar blei veldig sjuke og kor traumatisk var eigentleg pandemien? Var det meir normalitet enn vi kanskje skulle tru, spurde han retorisk.

– Det blei òg underkommunisert at det er masse motstandskraft blant unge, sa han.

Powered by Labrador CMS