nyhende

Doktorgradsavhandling viser samanheng mellom karantene og psykiske plager. Foto: Erik Johansen / NTB / NPK
Doktorgradsavhandling viser samanheng mellom karantene og psykiske plager.

Koronapandemien auka psykiske plager blant ungdom

Ei ny doktorgradsavhandling ved Universitetet i Oslo viser at unge fekk fleire psykiske problem i samband med karantene, og i periodar med strenge restriksjonar under koronapandemien.

Publisert Sist oppdatert

– Vi fann at ungdommane rapporterte fleire psykiske plager, både i periodar med strengare restriksjonar og i dei tilfella der dei var eller nyleg hadde vore i karantene. Spesielt såg det ut til at det å ha vore i karantene fleire gonger hang saman med fleire symptom på angst og depresjon, seier doktorand Johanne Hagen Pettersen i ei pressemelding. Ho er tilsett ved PsychGen, Senter for genetisk epidemiologi og psykisk helse ved Folkehelseinstituttet og har analysert data frå den norske Mor, far og barn-studien (MoBa). Deltakarane var mellom 14 og 18 år, og data vart samla inn frå mars 2020 til desember 2022.

Studien viste også ein generell auke i etevegring over tid, både blant gutar og jenter. For jentene vart denne auken endå brattare under pandemien, saman med ein auke i skjermbruk, konflikt med foreldre, stress og psykiske plager.

Powered by Labrador CMS