NPK-NTB: Legemiddelet reduserer risikoen alvorleg koronasjukdom hos dei med høg risiko for å bli alvorleg sjuke.
– Eg er glad for at vi no kan tilby koronapasientar med høg risiko for alvorleg sjukdom denne behandlinga. Det reduserer risikoen for alvorleg forløp hos den enkelte, i tillegg til at det er med på å ta ned belastninga på helsetenesta, seier helse- og omsorgsministeren i ei pressemelding.
Det er først og fremst eldre og dei med underliggjande sjukdom som vil ha nytte av behandlinga. For pasientar med låg risiko for alvorleg sjukdom, har legemiddelet lita nytte.
Ved rett bruk er det anslått at Paxlovid reduserer talet på innleggingar på sjukehus med meir enn 80 prosent blant personar med høg risiko for alvorleg covid-19-sjukdom.
Noreg har sikra seg medisinen gjennom EUs felles innkjøpsordning. Det er til no sikra nok av legemiddelet til 25.000 personar.
Koronapillene kjem først til Oslo-regionen, og deretter til resten av landet.
Helsedirektoratet stadfesta allereie før sommaren at dei hadde bestilt 50.000 behandlingar av koronapilla Paxlovid, men bestillinga vart seinare redusert til 25.000.