nyhende
Koronaen i kraftig tilbakegang i Sveio
— Smitten har gått kraftig ned, men det er nok òg ein del underrapportering knytt til tala, seier Ingunn Toft, som er kommunalsjef for helse og omsorg.
66 positive koronatilfelle er registrerte frå dagane mellom fredag som var og fredagen før.
I månadsskiftet februar – mars var tala oppe i over 400 smitta på éi veke.
Sjukefråværet i dag er lågare enn for eit par veker sidan, trass i at det framleis er ein del som sjukemelder seg. Somme tek òg ut langtidssjukemelding. Tendensen er størst i helsevesenet.
I desember i fjor gjekk KS (kommunesektoren sin interesse- og arbeidsgjevarorganisasjon) inn for dobbelt koronatillegg for tilsette i kommunen dersom dei tok på seg ekstraarbeid.
Denne ordninga gjeld ut april 2022.
På torsdag sist veke vart det siste stikket på soknehuset sett. Dersom ein vil vaksinera seg framover, må ein anten skaffa seg time på helsestasjonen eller ta turen innom apoteket.
Apoteket driv vaksinering tysdagar og annankvar laurdag.