nyhende
Koronadødsfall i Helse Fonna
Ein av dei koronasmitta pasientane på Haugesund sjukehus døydde måndag kveld. Det var ein pasient i aldersgruppa +65 år. Dette er det første koronarelaterte dødsfallet i Helse Fonna sidan pandemien starta, opplyser Helse Fonna i ei pressemelding.
Status i Helse Fonna tysdag morgon var fem innlagte pasientar med påvist covid-19. Alle er innlagde på Haugesund sjukehus, ein av desse får intensivbehandling. Det er ein pasient i aldersgruppa 18-64 år, opplyser Helse Fonna.
Totalt er 85 medarbeidarar i Helse Fonna i koronarelatert fråvær, og føretaket har frå og med denne veka redusert litt på planlagt drift, for å ha kapasitet til å ta imot fleire koronapasientar.
Helse Fonna ber også om at pårørande unngår å komme på besøk, men understrekar at det er viktig at pasientar møter opp til timane sine, så lenge ein er frisk og ikkje har symptom.