nyhende
Korleis har barn og ungdom i Vestland det?
Akkurat no svarar om lag 58.000 barn og unge i Vestland på spørsmål om korleis dei har det med foreldre, vener, skule, lokalmiljø, fritidsaktivitetar, helse og trivsel.
Denne vinteren vert Ungdata-undersøkinga 2024 gjennomført i heile Vestland fylke. Undersøkinga er ei moglegheit for barn og unge til å fortelja korleis dei har det, både på skulen og på fritida.
Oppmodar alle til å delta
Det er fylkeskommunane som har ansvaret for gjennomføringa på dei vidaregåande skulane, medan kommunane har ansvaret i grunnskulen.
– Det er viktig at alle skulane prioriterer undersøkinga slik at me kan få meir kunnskap om korleis ungdomane i Vestland faktisk har det. Resultata av undersøkinga gjer at me kan setja i gang meir spesifikke tiltak for ulike grupper og regionar. Å sørga for at elevane våre trivast er noko av det viktigaste me gjer, seier Bjørn Lyngedal, avdelingsdirektør for opplæring og kompetanse i Vestland fylkeskommune, i ei pressemelding.
Tre år sidan sist
Sist gong undersøkinga blei gjennomført var i 2021. Undersøkinga blir gjort på skulane i skuletida, og elevane svarar på eit elektronisk spørjeskjema. Før elevane svarar på undersøkinga er det viktig at dei får den nødvendige informasjonen om formålet med undersøkinga, at det er frivillig å delta og om personvern og beredskap.
Målet er å få ei oversikt over korleis ungdom har det, og kva dei driv med i fritida. Resultata blir brukt som kunnskapsgrunnlag innan oppvekst- og folkehelseområdet, i politikkutvikling og styring lokalt og nasjonalt. I tillegg blir Ungdata brukt i undervisning og til forsking.