nyhende

Når må du måka snø på taket ditt? Foto: Standard Norge
Når må du måka snø på taket ditt?

Kor mykje snø toler taket ditt?

Det har kome uvanleg mykje snø den siste veka. Frå søndag kveld er det meldt plussgrader og regn. Då blir snø på taket mykje tyngre.

Publisert Sist oppdatert

Dei fleste veit ikkje kor mykje taket deira toler, men tryggleiksforskriftene ved forsikring inneber at hus- og hytteeigarar har ei plikt å forebygga skadar.

– Våt snø er mykje tyngre enn tørr snø, og hus- og hytteigarar må vera klar over at dei risikerer å måtta dekka skadar sjølv om dei ikkje gjer noko for å hindra skade på grunn av snøtyngde. I fjor hadde Tryg aleine over 400 skadesaker på grunn av snøtyngde på tak, og over 200 saker som gjaldt konstruksjonssvikt. Kvar einaste vinter kollapsar fleire bygningar i Noreg på grunn av snømengder på taket. Det er også viktig å vita at kan du ikkje måka taket sjølv, må du prøva å finna andre som kan gjera det for deg, seier kommunikasjonsrådgiver Torbjørn Brandeggen i Tryg Forsikring.

Nokre reglar

Så kor mykje snø toler eit tak? SINTEF Byggforsk har saman med Direktoratet for byggkvalitet laga nokre reglar.

  • For hus bygd mellom 1950 og 1979 toler konstruksjonen vanlegvis inntil 50 cm tørr snø eller 40 cm våt snø på taket. Kritisk snømengde for lette takkonstruksjonar er rundt 150 kilo per kvadratmeter.
  • For hus bygd etter 1980 er forholdet vesentleg endra då desse normalt toler meir. Kritisk snømengde varierer mellom 150 til 350 kilo per kvadratmeter. Toler taket ditt til dømes 250 kilo per kvadratmeter betyr det 80 cm tørr snø eller 60 cm våt snø.
  • For nyare hus med tak som kan tola 350 kilo per kvadratmeter, aukar den kritiske mengda til 120 cm tørr snø eller 90 cm våt snø.

La det vera snø igjen

Med mykje snø på taket kan du høyra knirk og smell i konstruksjonen. I tillegg kan du oppleva at dører og vindauge går tregt. Dette er tydelege teikn på stor belastning på taket.

– Når du måkar taket, bør det gjerast slik at takflatene heile tida har mest mogeleg jamn belastning. Ikkje måk berre éi side av huset først. Dette gir skeivbelastningar og er meir kritisk enn ei jamnare fordelt belastning. La det i tillegg gjerne vera igjen eit tynt lag med snø på taket så du ikkje skadar taktekkinga, seier Brandeggen.

Norsk standard

Standard Norge utarbeidar norske standardar som blir brukt til å berekna kor sterkt eit tak må vera for å tåla venta snølast. I standarden NS-EN 1991-1-3 finn du kor store snølaster eit tak må tola. Snølastene varierer blant anna med kor bygget er og korleis taket er utforma.

Standarden oppgir verdiar for snølast på bakken for kvar kommune i Noreg.

Her er det store forskjellar frå kommune til kommune. I Vinje er det 500 kilo per kvadratmeter, i Stavanger 150 og Bergen 200 kilo per kvadratmeter. Har du hus eller hytte i Namskogan er det heile 750 kilo per kvadratmeter.

Powered by Labrador CMS