Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
nyhende
Kor mange fuglar har du i hagen?
Helga 24.- og 25. januar er det tid for å telje hagefuglane igjen. I fjor var nesten 11.000 med på den nasjonale dugnaden for å kartleggje fuglelivet om vinteren.
Om det ikkje passar for deg den aktuelle helga, så er det mogleg å velje ein annan dag fram til 1. februar for å gjere teljinga. Det viktigaste er at du registrerer deg hos for å delta. Når registreringa er gjort er det berre å setje i gang.
fuglevennnen.no– Vi har halde på med desse teljingane sidan 2008. I starten var det nokre få som var med, men no har vi stabilisert oss på i overkant av 10.000 deltakarar. Størst interesse var det i koronaåra, då vi var oppe i 13.000, seier seniorrådgivar Frode Falkenberg i Birdlife Norge til Nynorsk pressekontor.
Viktig informasjon
Han fortel at dei har fleire tilnærmingar til den årlege registreringa av hagefuglar. Dette er viktig for det faglege fordi dei får nyttig informasjon om korleis det står til med den norske fuglebestanden om vinteren. Med så mange observasjonar blir det eit veldig robust talmateriale. Fagfolka brukar desse tala saman med andre observasjonar for å slå fast om det går framover eller tilbake med dei ulike artane.
Men det har også ei anna side.
– Det skal vere ei oppleving for folk også. Vi ynskjer at folk skal bli meir opptekne av mangfaldet i fugleverda, slik at dei får meir kunnskap om fuglar og er med på å ta vare på fuglane våre, seier Falkenberg.
156 ulike artar i fjor
I fjor vart det gjort 489.658 observasjonar av 156 ulike artar frå 10.924 fôringsplassar. Det kjem fram av statistikken at kjøtmeisa er den vanlegaste hagefuglen her i landet. Det vart registrert 64.034 kjøtmeiser ved i alt 9.484 fôringsplassar, og denne fuglen er registrert i absolutt heile landet.
Dompap er den nest mest registrerte fuglearten med 51.334 observasjonar, medan gråsporven kjem på tredjeplass med 39.532 observasjonar.
Endringar
– I løpet av dei åra vi har halde på med desse teljingane har vi sett ein del endringar hos hagefuglane. Vi har spesielt merka oss fleire observasjonar av spettmeis, kjernebitar og stillits, medan til dømes gulsporven har motsett tendens. Det blir stadig færre som ser gulsporv, fortel Falkenberg.
Utviklinga med mildare vintrar også nordover har ført til at observasjonane av svarttrost har auka også nord for Trøndelag. Svarttrosten var svært uvanleg i Nord-Noreg tidlegare.
Solsikkefrø og meisebolle
For dei som ynskjer å starte med fuglebrett og mating av fuglar om vinteren, har Frode Falkenberg desse råda:
– Start i det små, så kan du utvide etter kvart. Legg ut litt solsikkefrø og gjerne ein meisebolle, så vil det ganske kjapt kome eit vidt spekter av fuglar på brettet. Då vil ein leggje merke til kva dei ulike fuglane er interesserte i, og så kan ein tilpasse maten alt etter kva fuglar ein gjerne vil ha meir av, seier fugleeksperten.
Han ber alle fuglematarar om å ha brettet med fuglemat ein stad der kattar ikkje kjem til. For kattane jaktar på fuglar, og om vinteren er fuglane litt slappe og blir til eit ekstra lett byte for den firbeinte jegeren.
Det kan lett bli slik at fuglebrettet blir ein fôringsplassar for kattar og ikkje for fuglar, åtvarar han.