nyhende

– Somme uskrivne lovar botnar i heilt grunnleggjande ting som det er brei konsensus om, medan andre lover er meir lokale. Dei finst også vidt ulike lovar i bedrifter, familiar og ulike miljø, seier Egil Aslak Hagerup.
– Somme uskrivne lovar botnar i heilt grunnleggjande ting som det er brei konsensus om, medan andre lover er meir lokale. Dei finst også vidt ulike lovar i bedrifter, familiar og ulike miljø, seier Egil Aslak Hagerup.

Kor godt kjenner du dei uskrivne sosiale lovane?

Alle veit at det er forbode å køyre på raudt lys. Men visste du at det ikkje er lov å klage på gratis mat, eller at det vankar straff om du er redd minigris?

Publisert Sist oppdatert

10 lovar å le av

1. Når du har overført pengar til nokon, skal du sende dei ei tekstmelding og seie «Har vipsa», sjølv om dei får beskjed både i og av Vipps-appen. Er du fysisk nær den du vipsar, skal du i tillegg vise dei skjermen på telefonen og seie «har vipsa».

2. Alle skal med jamne mellomrom seie «Er ikkje DET lov heller no?» Er du under 40 år, skal du seie det på ein ironisk måte, er du over 50 år, skal du spørje i fullt alvor.

3. Du skal bruke bunad frå staden familien din kjem frå, sjølv om du synest bunaden er stygg. Det er likevel lov å spore opp ein fjern slektning for å rettferdiggjere ein finare bunad frå ein annan stad.

4. Alle som innfører ope kontorlandskap, skal ha eige kontor.

5. Folk som er over 70 år, skal slutte å seie «gammal» og heller seie «folk på min alder». Folk som er over 70 år, kan heller ikkje bruke ordet «kjæraste». Dei må seie at ein person har fått seg ein ny «ven».

6. Du skal hate IT-systemet på jobb – heilt til det blir erstatta av eit nytt og endå verre system.

7. Når vaksne kjem heim til foreldre på ferie, reiser dei tilbake til tida då dei var yngre og budde heime. Det inneber ei forventning om å få servert frukost og middag, at vaksne søsken skal krangle slik dei alltid har gjort og meldeplikt om kvar du er, kven du er saman med og når du kjem heim.

8. Viss du laga ein lyd som høyrdest ut som ein promp, men ikkje var det, må du prøve å attskape lyden på nytt – gjerne også litt høgare – så folk skjønar at du ikkje prompa.

9. Byar med kulturell kapital er ikkje ein del av Syden (til dømes Barcelona).

10. Når nokon døyr, skal vi grave dei ned og setje ein stein oppå for ikkje å gløyme kvar vi la dei.

Kjelde: Norges nye uskrevne lover av Egil Aslak Hagerup

– Den vanlegaste sanksjonen er skuling. Men ved alvorlege brot på dei uskrivne lovane risikerer ein å bli møtt med både skuling og kremting.

Egil Aslak Hagerup humrar når han pratar om kva for straff som ventar dei som ikkje følgjer dei mange uskrivne lovane i samfunnet vårt. Dei som kjem i skade for å ete svele med kniv og gaffel, til dømes. Eller som proklamerer at dei ikkje likar barnetoget på 17. mai. Og endå verre: Den som ikkje har eit fnugg av dårleg samvit for å vere inne når det er sol ute.

Ein sosial salat

Hagerup har sjølv trakka så mange gonger i det han kallar den sosiale salaten at han alt for ti år sidan hadde nok stoff til å fylle ei heil bok. Det vart til den første salssuksessen «Norges uskrevne lover». Sidan den gong har lesarane hans delt raust av nye observasjonar, medan Hagerup har snubla rundt og inn i nye situasjonar sjølv.

Norges nye uskrevne lover av Egil Aslak Hagerup.

I sin nye oppfølgjar «Norges nye uskrevne lover» har han difor samla og kategorisert ytterlegare 800 vitsar om korleis me bør navigere i det sosiale kvardagskaoset.

Brei semje

– Dei uskrivne lovane er resultatet av ein slags pågåande sosial evolusjon, som handlar om både sosiologi, statsvitskap og psykologi. Somme uskrivne lovar botnar i heilt grunnleggjande ting som det er brei konsensus om, medan andre lovar er meir lokale. Dei finst også vidt ulike lovar i bedrifter, familiar og ulike miljø, forklarar Hagerup.

Det er til dømes difor det berre er bestemødrer som alltid skal gje barnebarna meir mat, sjølv om dei har sagt dei er forsynte. På same måte som at du alltid skal ha dårleg samvit om du går inn i ein liten butikk på ein liten stad, og går ut att utan å ha kjøpt noko. I lovverket står det også svart på kvitt at jo betre du heldt på dialekten, desto meir heil ved er du. Folk som pratar bokmål utan tydeleg sosiolekt, veit ein derimot aldri med.

Råd om nyvinningar

Korleis desse uskrivne lovane eigentleg oppstår, er det ingen som veit, seier Hagerup. Ingen kan til dømes svare på kvifor det ikkje lov å vere redd for minigris, trass i at dyret knaskar ferskenstein like lett som du og eg tygg ostepop.

I motsetnad til dei 110 paragrafane i den norske grunnloven, som 112 karar på Eidsvoll signerte for 210 år sidan, er det heller ingen som røktar dei uskrivne lovane.

Til liks med samtida er dei i stadig endring. I den nye boka tek Hagerup difor også på seg å gje råd om skikk og bruk kring nyvinningar som munnbind, elsparkesykkel, woke og vips.

Strikkeskikk og bruk

Det dukkar også opp nye lovar for eldre fenomen, om fenomena får ein renessanse. Strikking, til dømes. I den nye boka har Hagerup vigd eit heilt kapittel til handarbeid:

– Det er ei dødssynd å forstyrre nokon som tel masker. Om du gjer det, må strikkaren begynne å telje høgt og tydeleg; 44! 45! 46! Og om du har forstyrra nokon som strikkar, må du alltid vente med å seie unnskyld til teljinga er over.

Dei aller kraftigaste sanksjonane får dei som invaderer intimsona til folk i det offentlege rom.

– Om du går bortetter fortauet og hamnar skulder til skulder ved sida av nokon som gjekk framom deg, så kan du ikkje halde fram i det same tempoet som vedkommande går i. Då blir vedkommande redd. Det er ditt ansvar anten å bremse ned til du minst har ei armlengds avstand, eller å akselerere veldig, veldig fort.

Praktisk nytte

Sjølvsagt er det meininga at vi skal le – og ikkje minst av oss sjølve. Tilbakemeldingane tyder på at det er mange som gjer nettopp det. Hagerup fortel om takkemeldingar frå både bestemødrer og tiåringar som har oppslagsverket som favorittbok.

Men han har også oppdaga at ei bok om dei usynlege snubletrådane i samfunnet faktisk kan vere til reell nytte. Det gjeldt ikkje berre for utlendingar som er nye i Noreg:

– Då den første boka kom ut, googla eg for å sjå kva folk skreiv om ho. Då hamna eg blant anna i eit forum for folk med autisme. Dei jubla over at nokon endeleg hadde skrive ned alle dei uskrivne reglane som dei sleit med å finne ut av.

Gjengangaren

Loven som dei fleste etter kvart kjenner til, men som likevel oftast blir broten, er forbodet mot å snakke høgt i telefonen på kollektive transportmiddel, fortel Hagerup.

Men før me kjem attende til dei fryktinngytande konsekvensane lovbrotet kan medføre, er forfattaren snar med å løfte fram unnataket frå regelen.

– Det er faktisk lov å snakke høgt i mobilen om samtala er så spennande at alle har lyst til å høyre på. Det opplevde eg på T-banen i går. Då var det ei dame som sat framom meg og tydeleg vart kurtisert over telefonen av ein mann. Det var også like tydeleg at han sa veldig upassande ting. Ho sat og flira og sa høgt at «Nei-nei-nei, Ronny, sånn kan du ikkje seie, du er jo gift!». Eg høyrde ingenting av det Ronny sa, men svara hennar var veldig fascinerande. Og då er det jo greitt, ha-ha.

Skikkeleg ille

Om samtala derimot er av det heilt uinteressante slaget, er det altså sanksjonar i form av skuling som gjeldt. Viss mobilprataren ikkje tek hintet då, kan ein endåtil kremte – og i verste fall – få med seg fleire passasjerar til å skule på vedkommande.

Ein må på ingen måte berre gje klar og tydeleg beskjed, understrekar Egil Aslak Hagerup. Det er dessutan opp til mobilprataren sjølv å finne ut at årsaka til skulinga ikkje er utsjånad, vond lukt eller etnisitet:

– Det er ikkje alltid det stoppar med at folk skular på deg og kremtar heller. Viss lovbrotet er skikkeleg, skikkeleg alvorleg, kan folk også reise seg i protest og gå.

– Og medan dei går, ser dei på deg med eit blikk som fortel at dei skulle ønske dei kjente deg, slik at dei kunne slutte å kjenne deg der og då. Men då er det skikkeleg ille.

Powered by Labrador CMS