nyhende
Konsert med «noko attåt»
Laurdag 29. mars var det trongt om plassen både på parkeringa utanfor Soknehuset og inne i storsalen. Ad Libitum inviterte til Popkornquiz, ein konsert med noko attåt, og mange hadde funne vegen dit.
– Han heitte eigentleg Gordon Matthew Thomas Summer, men artistnamnet var langt kortare. Kva kalla han seg?, spør Asbjørn Natås før koret framfører songen «Andedrag», eller «Every Breath You Take» som han heiter originalt.
På borda føre seg har publikum eit svarark til quizen og ei stor bolle med popkorn. Fleire fyllar inn svaret kjapt og med det same, andre treng tenketid.
Konsert med «noko attåt»
Popkornquiz har vore arrangert av Ad Libitum i 25 år og er i all hovudsak ein konsert der koret får vist fram kva dei har øvd på. Eivind Jahren og Kjell Pettersen er quizgeneralar og har ansvaret for å laga spørsmåla.
– Me ville ha «noko attåt» konserten. Det er ein uhøgtideleg quiz og tek ikkje så lang tid å lage til, men det kan vera utfordrande å treffa publikum, smiler Jahren.
Quizbiten fungerer slik at før kvar song får publikum ledetrådar og informasjon som skal hjelpa dei å finna svaret som skal inn i eit svarskjema. Kvart svar gir dei éin bokstav i eit løysingsord som må vera rett, om ein skal kunne gå av med sigeren.
På sitt største
Ad Libitum blei starta i 1983 og fyller 42 år i år. Opp gjennom åra har dei samarbeida med fleire kjente namn som Anita Skorgan, Ola Bremnes, Maria Solheim og Ole Paus. Dirigent Per Bjørn Habbestad har aldri gått lei.
– Eg kjem alltid lystigare heim! Det er godt eit miljø og ein god stad å vera nokre timar i veka. Koret er no på sitt største, med kormedlemmer i alle aldrar, seier Habbestad.
Pianist André Eide blei med i koret for to og eit halvt år sidan. Eide er organist på Tysnes, frilansmusikar og pianist for både Ad Libitum og Sveio barnekor. Han skryt òg av det sosiale og samhaldet i koret.
Soloinnslag og eigen arrangør
Det var rom for fleire soloinnslag i løpet av konserten. Eide framførte «Bridge over troubled water» og «The Ludlows» frå filmen «Legends of the Fall» som pianosolo. Lars Birger Bergmål song «Amazing Grace», «House of the rising sun» og «You raise me up» akkompagnert av Eide.
Ad Libitum serverte ni songar av mellom anna Freddy Mercury, Elton John og Benny Andersson. Fleire av songane er det kormedlem Sigmund Pedersen som har laga korarrangement til.
– Populærmusikk er ofte utan korarrangement så då lagar eg det. Me veit ikkje om det fungerer før me har prøvd det i koret. «Andedrag» av Sting er eg godt nøgd med, seier Pedersen.
Kom og syng!
I tillegg til korsong arrangerer dei kortur annakvart år. Dei har vore på Island, Færøyane, Praha og Harlem utanfor Amsterdam. I slutten av april går turen til Roma. Koret har alltid rom for nye medlemmer og øver i Soknehuset kvar torsdag frå 19:30.
– Det er berre å ta kontakt eller å møta opp om ein vil vera med, oppmodar Natås
Alle i salen fekk ei flott musikkoppleving denne laurdagen. Ekstra stas var det nok for Kjell Hovland med familie på laget «Team Grautfolket» som stakk av med sigeren i quizen.