nyhende

Kongen fyller 88 år – no er det tolv kommunar att å besøkje

Kong Harald feirar bursdagen på Slottet med venner og familie. Framleis har han planar om å besøkje alle kommunane i Noreg. Det er eit dusin igjen.

Publisert Sist oppdatert

På veg inn i sitt åttiniande år har kong Harald mange jern i elden. Eit høgdepunkt for den sportsinteresserte kongen blir å vere til stades under ski-VM i Trondheim i to omgangar, og i mai blir det markering av at det er 80 år sidan frigjeringa og slutten på andre verdskrigen.

I midten av juni blir det fylkestur, denne gongen til Troms og Svalbard. Dei årvisse fylkesturane er noko av det beste kongeparet veit om.

– Vi prøver å komme oss rundt og besøkje alle kommunane i landet vårt. Fylkes- og kommunesamanslåingane dei siste åra har hjelpt oss eit stykke på veg. Men sidan nokre samanslåtte kommunar har stått opp att til sitt gamle eg, må vi nok halde på ei god stund til, sa kong Harald med eit smil under stortingsmiddagen på Slottet i oktober.

Desse kommunane er igjen

I juni skal kongeparet besøkje dei to kommunane i Troms som enno ikkje har vore besøkte offisielt: Balsfjord og Kvænangen. Slottet har sendt NTB ei liste over dei ti kommunane som då vil stå att på lista: Beiarn (Nordland), Nissedal, (Telemark), Siljan (Telemark), Etne (Vestland), Samnanger (Vestland), Vaksdal (Vestland), Askvoll (Vestland), Rindal (Trøndelag), Høylandet (Trøndelag) og Aremark (Østfold).

Det er uvisst om nokon av dei får besøk i 2025, men mest sannsynleg vil det ta litt tid å rekke over alle. Då kongen nemnde temaet i talen i fjor, sa han at tidsbruken er «heilt i tråd med ambisjonen i perspektivmeldinga om at fleire eldre skal stå lenger i arbeid».

Tankar om året som kjem

Humoren og openheita er nokre av eigenskapane som har gjort kongen svært populær. I nyttårstalen i 2024 var det ein audmjuk og ærleg konge som delte tankar om året som hadde gått, og om framtida.

– For oss i familien har dette vore eit år då vi verkeleg vart sette på prøve, eit år då vi har vorte endå meir klar over kva som betyr noko her i livet, sa kongen, og reflekterte over motivasjon, håp og samhald.

I denne talen delte kong Harald også eit bilete frå eigen kvardag.

– Det hender at eg står i vindauget her på Slottet om morgonen og ser utover byen, nedover Karl Johans gate. Morgonsola kjem opp over åsen og fargar himmelen rosa og oransje. Sakte vaknar byen til liv. Det er så vakkert og så fredeleg. Då takkar eg.

Powered by Labrador CMS