Kong Harald, her med Sivert Bakken under verdscupen i skiskyting i Holmenkollen søndag, fekk tysdag påvist koronavirus.Foto: Terje Bendiksby / NTB / NPK
Kong Harald har fått påvist koronasmitte
Kong Harald (85) fekk tysdag påvist koronavirus og har lettare symptom, opplyser Kongehuset.
NTB-NPK: Dei opplyser at Kongen vil vere sjukmeldt dei neste dagane, og at kronprins Haakon vil overta dei konstitusjonelle oppgåvene til kongen inntil vidare.
Kongeparet er trippelvaksinert mot covid-19, og den siste dosen vart sett 1. november i fjor. Kongeparet vart prioritert i vaksinekøen ut frå rolla si, men òg fordi dei er i risikogruppa på grunn av alder.
Kongen var forkjølt i slutten av januar i år, men testa negativt for koronaviruset fleire gonger. Den 9. februar vart han friskmeld.
Kongen føyer seg inn i ei lengre rekkje kongelege som har pådrege seg viruset. Både det svenske kongeparet og dronning Margrethe i Danmark har vore smitta.
Det same har dronning Elizabeth (95) i Storbritannia – og dessutan prins Charles (73), som har fått korona to gonger.