nyhende

Bildet er frå konfirmasjon i Sveio kyrkje i 2018.ARKIVFOTO: Irene Flatnes Haldin
Bildet er frå konfirmasjon i Sveio kyrkje i 2018.

— Konfirmasjonen bør utsetjast til ungdommane fyller 18

Konfirmasjonen bør utsetjast til ungdommane er 18 år gamle, meiner Svein Erik Tuastad, statsvitar og førsteamanuensis ved Universitetet i Stavanger.

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB: Slik det er i dag, kjem konfirmasjonen for tidleg i livet, og han har ifølgje Tuastad forfalle til eit pengeoverføringsritual, skriv Vårt Land.

I spalta si i Stavanger Aftenblad peikar Tuastad særleg på to problem:

— Det er ikkje lenger naturleg å markere livssynsval og overgang til vaksen alder ved 14 eller 15 år, verken når det gjeld livssyn eller det å flytte heimanfrå. I tillegg er det for stor avstand mellom kva kyrkja og konfirmantane forventar og ønskjer å få ut av konfirmasjonen.

– No har det vorte eit pengeoverføringsritual, og kyrkja stiller få krav til konfirmantane, fordi dei ikkje vil miste dei. Men resultatet er stor avstand mellom mpotivasjonen til kyrkja og fleirtalet av konfirmantane, utdjupar han overfor Vårt Land.

Han meiner det vil vere mange gevinstar ved å flytte konfirmasjonsalderen til 18 år.

– Å flytte konfirmasjonen til denne tida, kan tilføre «nødvendig» moralsk refleksjon til ein livsfase som elles blir prega av russetida. Den økonomiske sida av konfirmasjonen vil gi større gevinstar for 18-åringar enn for 15-åringar.

(©NPK)

Konfirmasjonen kjem for tidleg. Ungdommane har meir bruk for pengane seinare, meiner førsteamanuensis.
Powered by Labrador CMS