nyhende
Konfirmasjonar blir flytta frå vår til haust
Frå 2022 blir konfirmasjon om hausten innført som permanent løysing. Det har sokneråda bestemt.
Ifølgje sokneprest i Sveio, Gisle Sørhus, var bakgrunnen for at konfirmasjonen blei flytta, utfordringar med konfirmantåret og konfirmasjonsleiren som følgje av korona-pandemien.
– Vanlegvis reiser me på leir med KFUK-KFUM og fleire andre kyrkjelydar på Austlandet. Leiren har blitt avlyst i år. No har det endeleg opna seg slik at me kan dra på leir til Solgry i juni. Ung Messe og konfirmantfestivalen, ei felles samling for konfirmantar på Haugalandet med show, leik og turneringar har også blitt avlyst. Konfirmantundervisninga har elles gått som normalt, opplyser Sørhus.
Blanda respons
– Korleis har responsen vore?
– Responsen har vore blanda. Det er forståeleg, då det er mykje kjensler knyta til konfirmasjonen. Når det gjeld årets konfirmasjon har det kome reaksjonar frå sauebøndene om at første helga i september blir brukt til sauesanking og at datoen passar dårleg for dei. Dette blir endra frå neste år, lovar Sørhus.
Betre samanheng i arbeidet
Heilt sidan Sørhus kom til Sveio som prest for ni år sidan, har han hatt ein tanke om å flytta konfirmasjonen til hausten. Det var difor ein fint høve å gjera det nå, meiner han.
– Konfirmantundervisning gjennom året, konfirmantleir om sommaren, konfirmasjon, leiarkurs/oppstart av ungdomsarbeid, gir ein betre samanheng i ungdomsarbeidet til kyrkja. Dette gjer det også lettare å rekruttera til leiarkurs. Dette meiner eg vil fungera betre og dette har eg fått med stab og sokneråda på, og det er sokneråda som har tatt det endelege valet, opplyser Sørhus.
Slik blir det i år
Året har vore prega av korona, det har ført til at det enda ikkje har vore konfirmasjonar i Sveio. Tradisjonelt sett er det mai som er konfirmasjonsmånad, men i år blir det både i august og september.
For nordre del av kommunen blir det konfirmasjonar siste helga i august, og i sør første helga i september.