nyhende
Kommunestyret: Halvparten takkar for seg
Det vert stor utskiftning i lokalpolitikken etter neste års val. Vestavind har spurt alle dei 25 sittande representantane i kommunestyret. Fleire enn halvparten seier at dei ikkje tek attval
Det sit 25 representanter i kommunestyret i Sveio, som vert vald inn kvart fjerde år.
Vestavind har snakka med kvar av dei som sit i inneverande periode om attval og svara kan delast i dei tre kategoriane, ja, nei og vil ikkje svare.
Fleire enn halvparten oppgjer at dei ikkje stiller til attval.
— På tide å trekkje seg
— No har eg vore her i snart 24 år, så då er det kanskje på tide å trekkje seg tilbake, seier Gustav Eidsvåg (FrP).
Han har ved neste års val sete i kommunestyre for Sveio i seks periodar på rad. Då han ble valt inn var det eit anna årtusen, i 1999. Det er nok tenkjer han.
— Kvifor stiller du ikkje til attval?
— Andre kan få sleppa til, ungdommar til dømes.
— Har du gjort di plikt for Sveio?
— Ja, eg følar det.
— Kva var di viktigaste sak?
— Vanskeleg å seie. Eg kjempa for å behalde skulane rundt i bygda.
Han sit igjen med mange gode erfaringar frå lokalpolitikken og trekk frem hyggelege stundar og kjekke folk.
— Litt ueinigheit vert det, men slik er politikken, seier Eidsvåg.
Han oppmodar andre til å stille til val neste år og seier at påverkingskraft bør vere ein motivasjonsfaktor for dei som er interesserte.
— Ein får vere med å bestemme, leggje fram sine forslag og støtte partiet etter det ein meiner er det beste. Men ein må jo ha interessa, det er jo mange som har sterke meiningar som ikkje engasjerer seg, seier Eidsvåg.
For stor forplikting
Kristina Våge Ballard (SV) er også ei av dei som gir seg. Ho fortel at vervet hennar rett og slett har tatt for mykje tid.
— Som einsam representant for partiet måtte eg delta på alle møta. Det krev mykje tid og førebuing, ein må sjølv setje seg inn i alle saksdokument, seier Ballard.
Samanlikna med større parti, som kan delegere oppgåver mellom medlemmane, har ho måtta tatt på seg alt sjølv. Då vert det lite tid til familie, og difor gjev ho seg etter fire år.
— Eg er tobarnsmor og treng tid til dei også, seier Ballard.
Ballard understrek at sjølv om ho gjev seg er det gode minnar ho sit igjen med.
— Eg kjenner på ein sorg, for eg har kost meg masse og det har vore svært lærerikt, seier ho.
Partibyte?
Nokre av dei som ikkje vil seie ja eller nei, fortel at dei ikkje har teke stilling til spørsmålet. Mellom desse er Asle Georg Halleraker, som tidlegare i haust uttalte at han berre ynskja stå på fyrsteplassen til Sveio Arbeiderparti si liste for kommunevalet. Han utfordra med andre ord sitjande ordførar Linn Therese Erve (Ap).
Men etter at Halleraker og Torgeir Katla nyleg melde seg ut av partiet, i protest mot bruk av tvungen lønsnemnd i lærerstreiken, har dei begge vore uavhengige medlemmar i kommunestyret.
Torgeir Katla har sagt han ikkje ynskjer attval, men no er det altså eit opent spørsmål om Halleraker stiller seg tilgjengeleg for ai anna liste enn Ap si.