nyhende
Kommunen tek truleg rekninga etter Sveio bufellesskap-dommen
Alle partia i Sveio kommunestyre ser ut til å vere positive til å dekke heile rekninga som dei tidlegare styremedlemmene i den kommunale stiftinga Sveio Bufellesskap sit att med, etter at dei tapte eit pensjons-søksmål i Gulating lagmannsrett.
Sist veke vart det klart at dei fire tidlegare styremedlemmene i den konkursråka kommunale stiftinga Sveio Bufellesskap hadde tapt eit søksmål i Gulating lagmansrett.
Saka handla om stiftinga si manglande innbetaling av eit såkalla avviklingstilskot til pensjons-avtalepartnar KLP, eit krav styremedlemmene fekk retta mot seg personleg, om lag eit år etter at stiftinga vart slått konkurs. Det var Overføringsavtalens Sikringskordning, som KLP er tilslutta, som var motpart i retten.
Dei fire styremedlemmene skreiv sist veke eit brev til Sveio kommune, kor dei ber kommunen dekke dei økonomiske tapa dei har lidd.
Saka vart gjort greie for overfor kommunestyret av konstituert rådmann Ingunn Toft i kommunestyret måndag kveld.
Ordførar Linn Therese Erve (Ap) hadde på førehand stilt seg positiv til at kommunen tar rekninga. Ikkje fordi kommunen var part i rettsaka eller juridisk forplikta, men på eit etisk og moralsk grunnlag. Dette fordi dei fire styremedlemmene var vald inn i styra politisk, og at dei hadde takka ja av ideelle årsakar.
Overraska over utfallet
Konstituert rådmann Ingunn Toft gjorde i kommunestyret greie for at administrasjonen vart overraska over at dei saksøkte eks-styremedlemma ikkje fekk medhald i saka si i lagmannsretten, slik dei fekk i tingretten.
Ho fortalde vidare at det vil koste kommunen 1,6 millionar kroner å ta rekninga for dei fire. I beløpet er det snakk om 1,1 millionar samla i erstatning og sakskostnadar for tingretten og lagmannsretten. Opphavleg var dei fire skulda 1,4 millionar totalt, men noko av kostnadane er dekt gjennom ymse forsikringar for enkelte av dei.
Dei står altså att med eit samla tap på 1,1 millionar om lagmannsretten si avgjerd blir rettskraftig.
Årsaka til at sluttsummen kan enda på 1,6 millionar for kommunen sin del, er at dei fire eventuelt vil måtte skatte av beløpet som kommunen eventuelt vil gje, noko rådmannen altså vil ta høgde for i sine utrekningar. Ho vil gå i dialog med kvart enkelt eks-styremedlem for å få skattestatus for den særskilte.
I møtet gjorde ho helles greie for at kommunen bruker juristar for å få belyst alle forhold kringa kva det inneber å ta på seg å dekke tapet til eks-styremedlemmene.
Avgjer saka i ekstraordinære møte
Toft understreka at det vil krevje noko meir arbeid å få klarleik alle forhold kring kva det inneber for Sveio kommune å dekke tapet til styremedlemmene, og at ho vil kome tilbake med ei sak til politisk behandling.
Ankefristen for domstolen er 15. oktober, noko som vert to dagar før neste planlagde kommunestyremøte. Ordføraren foreslo difor å samlast til digitale ekstraordinære i formannskapet og kommunestyret måndag 10. oktober for å behandle saka.
Ingen tok måndag kveld til orde for ikkje å dekke tapet, og Vestavind har fått stadfesta frå alle partigruppene, med unntak av Stian Nygård (Uavhengig) at dei er positivt innstilte til å ta rekninga. Sistnemnde manglar Vestavind kun ei avklaring frå, han har førebels ikkje uttalt at han vil gå i mot eit forslag om at kommunen tar rekninga.
— Eg tenkjer at me har ei moralsk forplikting til å kome i møte dei som har hatt styreverv har bedt om, sa Arne Valen (Sp) frå talarstolen.
Lærepenge for mange
Valen presiserte at når folk tek på seg styreansvar i selskap som er eigd av kommunen, eller tilsvarande, så må kommunen syte for at det blir teikna ei styreansvarsforsikring slik at ein slipper saker som denne i framtida.
— Akkurat i dette tilfellet hadde dei styreansvarsforsikring, men dei ble sagt opp i samband med avvikling av selskapet, og var ikkje gyldig då kravet kom, presiserte ordførar Linn Therese Erve (Ap).
Håkon Skimmeland (Ap) rosa rådmannen for eit solid handverk på kort tid.
— For dette er komplekst, fastslo han.
Jarle Jacobsen (KrF) meiner saka er ein lærepenge, også for kommunen.
— Dette er ei sak alle lokalpolitikarar kjem til å lære av, seier han.