nyhende
– Kommunen skal vere ein meir aktiv deltakar for utvikling av tomter og bustadområder
Kva blir den viktigaste saka for deg i 2025? Kven av dine politiske motstandarar likar du å debattera med? Det er to av spørsmåla gruppeleiarane i Sveio svarar på.
– I løpet av eit år er det mange viktige saker til handsaming i kommunestyret. Av dei sakene me veit kjem til politisk handsaming i 2025 er fortsett arbeid med kommuneplanen viktig. I tillegg vil eg trekke fram sak om å eventuelt oppretta eit kommunalt utviklingsselskap. Me meiner at kommunen skal vere ein meir aktiv deltakar for utvikling av tomter og bustadområder i Sveio.
– Kva var den viktigaste saka for deg i 2024?
– Sveio Arbeiderparti jobba aktivt for å innføre Fritidskort for barn mellom 11 og 15 år. At me fekk fleirtal for det i kommunestyret er ein siger for Sveio sine unge innbyggarar og ein av dei viktigaste sakene for oss dette året.
– Kven av dine politiske motstandarar likar du best å debattera med, og kvifor?
– Kjartan Moe Hustvedt (MDG er ein reflektert og kunnskapsrik politikar. Eg opplev at han lyttar til dei han diskuterer med, og det er ein av dei viktigaste eigenskapane til oss politikarar.
– Kven av kommunestyrerepresentantane har du lyst til å framheva?
– Me er heldig som har gode representantar i Sveio kommunestyret. I år vil eg framheva Arne Valen (Sp). Han har vore ein aktiv folkevald som eg opplev brenn særleg for dei svakaste i samfunnet. Mine tankar går til Arne og kampen mot kreft han no står i.
– Kven vinn stortingsvalet til hausten og kvifor?
– Arbeiderpartiet vinn valet og fortset i regjering.
– I desse urolege tidene ser me tydelegare enn nokon gong behovet for politikk som direkte møter og løysar dei kvardagslege utfordringane til det norske folket. Arbeiderpartiet har alltid stått for tryggleik og sikkerheit i kvardagen i Norge og vil vidare legge vekt på å skape ein økonomi som er trygg og rettferdig, der alle som kan jobbe, er i jobb. Dette er avgjerande for å oppretthalde og styrke fellesskapet vårt.
Arbeiderpartiet vil syte for at me har betre råd i kvardagen, trygg jobb til alle, eit tryggare Norge, ein sterkare velferdsstat med lågare ventetider på helsetenester og gode tenester til alle innbyggarane, og vi skal nå klimamåla.
Arbeiderpartiet har vist at dei prioriterer å styrke kommuneøkonomien. Det er i kommunane vi lever våre liv og mottar tenester frå vugge til grav. Den Ap-leia regjeringa har styrkt kommunane med over 20 milliardar kroner i denne perioden, slik at alle kan nyte godt av sterkare lokale tenester og betre velferd.
I år med mange samtidige kriser må me ta mange grep for å trygge landet framover. Ap vil bygge meir og billegare straum for folk og næringsliv. Me treng ein skule med mindre skjerm og meir læring. Samstundes må me og styrke både velferdstenestene våre og tryggleiken ved å satse på politi og forsvar. Dette er ikkje tida for store skattekutt til dei som har mest frå før eller kutt i velferd. Dette er ei tid for å ruste opp fellesskap og forsvar. Då har Ap dei rette løysingane.