nyhende
Kommunen skal spare på straumen – kjøper inn pledd for å halde varmen
Rådmann i Sveio Ingunn Toft seier kommunen skal gå føre som eit forbilde i straumsparing og kjem med nye tiltak. Temperaturen skal senkast, og pledd kjøpast inn for bruk i storsalen.
— Eg hadde 18,9 grader på kontoret då eg kom på jobb, seier konstituert rådmann Ingunn Toft.
På eit møte i formannskapet måndag orienterte ho om kva kommunen gjer framover for å spare straum og pengar.
Må kle seg etter forholda
— Det er viktig at kommunen går føre som eit godt eksempel, seier Toft.
Det vil sei at kommunehuset senkar temperaturen to gradar ned til om lag 19 gradar. Dette kjem etter samtaler med verneombod om kva tiltak som er forsvarleg.
Framover vert arbeidsmiljøet på kommunehuset kaldare, i alle fall på gradestokken.
— Det er ikkje meininga at folk skal frysa på jobb, men me vil at dei skal kle seg etter forholda først, seier Toft.
Kjøper inn pledd
Ein særskild utfordring er sjølve storsalen i kommunehuset. Under orienteringa peikte Toft på at dei store vindauga ut mot sentrum gjer eit større varmetap, og det vert kaldare på den sida.
— Me komme til å kjøpe pledd som me legg her inne, seier ho.
Tiltaket vart møtt med humring og latter frå formannskapet.
Rådmannen seier det først og fremst er meint som eit alternativ for dei som ikkje har kledd seg varmt, eller eksterne som ikkje er kjente med tiltaket.
Pledda er på plass frå onsdag og er kjøpt inn frå ein butikk i Haugesund.
— Kvifor ikkje Sveio?
— Me prøvde å kjøpa her, men dei hadde ikkje. Me prøver alltid å handla lokalt, men dei hadde heller ikkje mogelegheit til å bestille inn, seier Toft.
Fem millionar ekstra i straumutgifter
Ho har bedt einingsleiarar i kommunen om å finne mellom tre til fem tiltak dei kan gjere for å redusere straumforbruket.
Ifylgje tertialrapporten som vart presentert for formannskapet har Sveio kommune om lag fem millionar kroner ekstra i straumutgifter i år.
Sveio kommune har bunde halvparten av straumforbruket til fastpris 30 øre pr kilowatt, men prisane vil stige uansett med ei krone ved nyttår.