nyhende

Kommunen sin nye nettside: – Alt vert mykje enklare å bruka

Digitaliseringsrådgjevar Kristine Rossehaug meiner den komande nye nettsida vil gjera sveibuen sine møte med kommunen mykje lettare. Der kjem oversikt over alle dine gebyr, faktura, eigedomar og tidlegare kontakt med kommunen.

Publisert Sist oppdatert

– «Hei eg heiter Kari og er Sveio kommune sin chatrobot», lyser det frå skjermen til digitaliseringsrådgjevar Kristine Rossehaug i Sveio kommune.

Gjer kommunale tenester enklare

Ho viser fram «Kommune-Kari», ein chatrobot som vil gjera innbyggarane sitt møte med kommunen sin nettside mykje enklare. Den skal møta alle som går inn på Sveio kommune sin nye nettside, med ein dialogboks kor den tilbyr å hjelpa deg.

– Den hjelper deg å finna fram i staden for at du må leita og klikka deg gjennom alle sidene. Til dømes barnehageplass, seier Rossehaug, og skriv inn «søka barnehageplass» til Kommune-Kari.

På eit blunk svarar Kommune-Kari med ei lenke kor ein kan søka barnehageplass og finna meir informasjon. Det er ein av om lag 600 spørsmål dei skal legga inn svar på. Så langt har dei komen til ein stad mellom 300 og 400. Rossehaug trur det er ein klar betring samanlikna med dagens nettside. Samstundes er kommunen innstilte på å retta eventuelle manglar.

– Difor spør Kommune-Kari alltid «fann du det du leita etter?», kor brukarane kan forklara kva dei saknar eller kva som mangla. Då får me ein rapport og kan utbetra, seier Rossehaug.

Auka digital tryggleik

I fleire månadar har ho og kollega Vibeke Berge Vierdal jobba iherdig med det som skal verta den nye nettsida. Bakgrunnen for utskiftinga av nettside er Sveio kommune sitt nye IKT-samarbeid med 11 andre kommunar. Dei andre hadde allereie byrja prosessen innan Sveio vart med i samarbeidet, så då fekk kommunen «midt i leio» eit uventa gode frå samarbeidet.

– Me skal også byta arkivssystem og litt andre ting. Då passar det med utskifting av nettside også, fordi «alt snakkar med alt» innan det digitale, forklarar Rossehaug.

– Kva meir skal skje?

– Me skal auka den digitale tryggleiken, seier ho og kjem med eit døme.

– I dag ligg e-post og kontaktinformasjon til mange kommunale tilsette ute på nettsida. Problemet med det er at det finst mange svindlarar og svindelprogram som finn dette og misbrukar informasjonen. På den nye nettsida vil dette bytast ut med eit kontaktskjema kor sveibuen forklarar kva den treng hjelp til, som då sendast automatisk til riktig rådgjevar eller person i kommunen, seier Rossehaug.

Det har nemleg vore eit problem at nokon har gjeve seg ut for å vera Sveio kommune fortel ho.

– Me håpar på ein stor reduksjon der, seier rådgjevaren.

Ikkje kunstig intelligens

– Kva står att av arbeidet, og når kjem den nye nettsida?

– Me må fylla på med artiklar og innhald. Me håpar det vert klart mellom oktober og november, og me har halde på i nokre månadar, svarar ho.

– Kva ligg bak Kommune-Kari, er det såkalla «kunstig intelligens»?

– Ikkje heilt. Det er eit program kor me sjølv kan fylla inn informasjon som den kan bruka til å svara på sveibuen sine spørsmål. Det vert berre fylt inn om kommunen og omhandlar berre Sveio, seier ho.

– Kva kostar dette?

– Det veit eg ikkje nøyaktig, men det eg veit er at me i det lange løp sparar pengar. I dette samarbeidet med 11 andre kommunar fordeler me utgiftene oss i mellom, då står me ikkje åleine om drift til dømes, svarar ho.

Powered by Labrador CMS