nyhende

Ordførar Andrè Mundal Haukås (H) er positiv til Fjord Motorpark, og at det vil kome meir og utfyllande informasjon etter kvart viss prosessen rundt motorparken held fram.
Ordførar Andrè Mundal Haukås (H) er positiv til Fjord Motorpark, og at det vil kome meir og utfyllande informasjon etter kvart viss prosessen rundt motorparken held fram.

Kommunen positiv på trass av negativ konsekvensutgreiing

Ei konsekvensutgreiing var bestilt til Sveio kommune sin arealplan. Forslaget frå Fjord Motorpark fekk negativ tilråding grunna omsyn til drikkevatn og støy. Eit skjerpa forslag frå administrasjonen vart samrøystes vedteke i formannskapet.

Publisert Sist oppdatert

Ordførar André Mundal Haukås (H) var i møte med formannskapet i Sveio kommune den 29. april, kor mellom anna Fjord Motorpark (FMP) kom opp.

– Eg har vore tydeleg på at eg ynskjer motorpark heile tida. Dette er eit anlegg som eg verkeleg ynskjer velkomen til Sveio, seier ordføraren.

Fagleg negativ, politisk positiv

Ein konsekvensutgreiing-rapport bestilt av kommunen enda med negativ tilråding til forslaget grunna omsyn til drikkevatn og støy for bebuarar i nærleiken. Då spissa administrasjonen sjølv på forslaget, og krympa området slik at drikkevatn og myr vart meir skjerma.

– Konsulentar har bidrege med noko av arbeidet til rapporten. Dei gjev eit overordna blikk på det, og så har administrasjonen gjort sin eigen vurdering, seier Haukås.

Difor valde formannskapet å røysta for forslaget slik administrasjonen la det fram, og FMP vart med vidare i arealplanen.

– Det er viktig å vita kvar me er i prosessen. Her tok me stilling til kommuneplanen sin arealdel. Seinare vil me ta stilling til det som går på støy og natur som vert del av ei detaljeregulering. Då får me sjå eventuelt kor banane skal koma og kor ein skal legga bygg, seier han.

Held auge med eigen habilitet

Haukås bur sjølv i bustadområdet om ligg nærast den mogelege motorparken.

– Du bur på Fjellstad og vart vurdert habil av formannskapet?

– Eg retta det spørsmålet til dei og fekk dei til å vurdera habiliteten på grunnlaget av det, svarar Haukås.

Han understrekar at det som vart teke stilling til i formannskapet er eit innspel frå Fjord Motorpark til arealdelen i Sveio sin kommuneplan. FMP har altså ikkje fått godkjenning til å driva eller starta noko.

– For motorparken er det ein del av ein lengre prosess, kor det må startast detaljeregulering etter kvart. Eg vil vera tydeleg på dette framover, når det kjem til habilitetsvurdering av meg, seier Haukås.

Kartlegging av støy

– Er du bekymra for støy?

– Det vil bli utførd støykartlegging for området, og denne type anlegg har strenge grenser å forhalda seg til. Eg er heilt sikker på at me får rikeleg og god informasjon om dette seinare. Så det er for tidleg å seie noko om enno, avsluttar han.

Powered by Labrador CMS