nyhende
Kommunen kan sikra seg to sentrumseigedomar på måndag
Måndag skal kommunestyret ta stilling til kjøp av to eigedomar i Sveio sentrum, til ein samla pris på 10 millionar kroner. Tomtene kan vera aktuelle for ny barnehage, og dei vil uansett vera strategiske å eiga for Sveio kommune i framtida.
Rådmannen har inngått avtale om kjøp av deler av eigedomane gnr. 40 bnr. 7 og gnr. 40 bnr. 4 i Sveio sentrum, med atterhald om godkjenning frå kommunestyret.
Bakgrunnen for dette er at Sveio kommune frå før av ikkje eig større, samanhengande areal som ikkje er utbygd eller bandlagt sentralt i Sveio sentrum. Det største sentrale eigedomen for utvikling, er eigedomen som blei kjøpt i samband med sak om badeanlegg, vis-a-vis Sveio kyrkje.
Til offentlege funksjonar
I saka skriv rådmannen at han ser det som ein strategisk fordel å eiga større areal som kan utviklast til offentleg tenesteyting eller bidra til anna utvikling av sentrum framover. Dette i eit langsiktig tidsperspektiv. Den relative sentrale plasseringa i tilknyting til kommunehus, omsorgssenter og eksisterande eigedommar Sveio kommune eig, kan passa bra til framtidige offentlege funksjonar.
– Kommunen har også prosjekt der det på kort sikt kan visa seg hensiktsmessig å eiga meir areal i sentrum, skriv rådmann Jostein Førre i saka.
Forslaget om å kjøpa eigedom stemmer også overeins med eit vedtak frå februar, som seier at Sveio kommune skal vurdera å kjøpa eigedomar som kan bli viktige å eiga i framtida.
Eigedomane
Eigedom vest for Sveio kyrkje: Eigedomen er på 15 459 kvadratmeter, og ligg nord-vest for kyrkja. Arealet er sett av til landbruk, men i sentrumsplanen som er under utarbeiding er arealet føreslått avsett til både offentleg føremål og blanda føremål med bustad/offentleg.
Arkeologisk registrering som er rekna å kosta rundt 200 000 kroner må gjennomførast, ved eventuelle funn er eigar ansvarleg for å koste utgravingar, om ein ikkje tek omsyn til desse og reduserer utnyttinga av eigedommen.
Eigedom ved Mannabergvegen (Jansatunet): Eigedommen er på 8965 kvadratmeter og ligg på sørsida av kommunehuset. Arealet er avsett til framtidig friområde, men ny sentrumsplan foreslår i hovudsak avsett til offentleg føremål utanom eit område som er omsynssone for kulturminne. Det er i samband med kartlegging av salamander registrert førekomstar her, noko som kan utgjera ein større risiko i høve kor store deler av eigedommen det er mogleg å endra føremål til utbygging. Vidare er det avsett ei omsynssone for kulturminne på rundt 960 m2.
Det er Ole Johan Sveen som eig begge eigedomane.