nyhende

Tidlegare styreleiar Gunnar Johan Løvik og noverande styreleiar Håvard Tvedte i Fartein Valen‑stiftelsen med hovudet til Fartein Valen mellom seg.

Festdag når Fartein Valen‑skulpturen kjem heim

Fredag 12. juni blir det festmarkering i Valevåg når den nyrestaurerte Fartein Valen‑skulpturen blir avduka i hagen ved Valenheimen. Styreleiar Håvard Tvedte håper mange tek turen.

Publisert

Skulpturen, laga av kunstnar Odin Øistad, forestiller komponisten Fartein Valen og skal no tilbake til landskapet der han levde og skapte dei berømte verka sine.

Skulpturen blei første gong avduka ved kommunehuset i Sveio i 2016. Dessverre fekk ikkje statuen stå meir enn eit år før den blei utsett for hærverk. Ein gjeng unge menn kasta stein på hovudet, som til slutt fall av. 

Grundig restaurering

Kort om:

  • Fartein Valen (1887-1952) er ein av Noregs mest markante komponistar og ein internasjonalt anerkjend modernist. 
  • Naturen og staden rundt Valevåg sette tydelege spor i verka hans, og området har i dag ei sentral rolle i formidlinga av arven etter komponisten.

Skulpturen stod ei tid utan hovud, før han seinare blei tatt ned og sett på lager i Sveio, der han blei ståande ein del år Det var lenge uklart om skulpturen kunne reddast, sidan heile skulpturen i utgangspunktet måtte erstattast. Det ville ha kosta fleire millionar, og forsikringsoppgjeret enda på vel 350.000 kroner.

Heldigvis blei det funne ei løysing, og etter grundig restaurering er verket no klart for ny plassering 10 år etter at stauten først blei sett opp. Denne gongen i direkte tilknyting til staden der Fartein Valen budde store delar av livet sitt.

– Ei viktig markering for regionen

– Dette blir ei viktig markering for regionen vår, både kunstnarisk og historisk. Skulpturen høyrer heime her, i landskapet som forma Fartein Valen sitt tonespråk, seier styreleiar i Fartein Valen‑stiftelsen, Håvard Tvedte, i ei pressemelding.

Fylkesordførarane i Vestland og Rogaland, Jon Askeland og Ole Ueland, står for avdukinga. Dagen markerer samtidig opninga av PODIUM – Fartein Valen internasjonale musikkfest.

Programmet ved Valenheimen omfattar innlegg om skulpturen og kunstnaren, musikalske innslag og konsert. 

Konsert i Valestrand kulturkyrkje

Trompetist Simen Kiil Halvorsen deltar, og pianist Thomas Tostrup framfører arrangement og improvisasjonar over musikk av Fartein Valen, mellom anna Legende op. 1 og op. 5. Det blir også enkel servering.

Arrangementet er eit samarbeid der mellom anna Sveio og Haugesund kommunar er med. Her representert ved ordførarane André Mundal Haukås (t.v.) og Nils Konrad Bua som flankerer styreleiar Håvard Tvedte i Fartein Valen‑stiftelsen.

Etter avdukinga blir det opningskonsert for PODIUM – Fartein Valen internasjonale musikkfest i Valestrand kulturkyrkje.

– Me ønsker alle velkomne til ei open og høgtideleg markering i Valevåg, der musikk, kunst og historie møtest, seier Tvedte.

Arrangementet er eit samarbeid mellom kommunane Sveio og Haugesund, Fartein Valen-stiftelsen, Valenheimen og PODIUM – Fartein Valen internasjonale musikkfest. Skulpturen er delfinansiert av Haugesund Sparebank, Sveio kommune og Fartein Valen‑stiftelsen.

Powered by Labrador CMS