nyhende

Regjeringa vil gjere det meir lønnsomt for kommunane å tillate vindkraft på land. Foto: Tore Meek / NTB / NPK
Regjeringa vil gjere det meir lønnsomt for kommunane å tillate vindkraft på land.

Kommunar kan vurdere vindmøller på nytt

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB: Kommunar som tidlegare har sagt nei til vindkraft på land, vurderer å sjå på saka på nytt om utbygging blir meir lønnsamt for dei.

Regjeringa vil gjere det meir lønnsamt for kommunane å tillate vindkraft på land. Å seie nei til vind kan framover få negative konsekvensar for kommuneøkonomien, meiner ordførar.

– Noreg har behov for meir energi dei neste åra. Den må på kort sikt komme frå vasskraft og vind på land. Om kommunane får meir igjen for å tillate vindkraftverk, vil det bli heilt andre diskusjonar enn det vi har hatt til no, seier ordførar Even Tronstad Sagebakken (Ap) i Lindesnes til Fædrelandsvennen.

Dette er ein av kommunane som har vindkraft i dag, men også der har politikarane vore mot nye utbyggingsplanar.

No har regjeringa foreslått nye skattereglar der kommunane skal få ein grunnrenteskatt på vindkraft. I tillegg jobbar energikommisjonen til regjeringa med forslag som skal gjere det meir attraktivt for kommunane å seie ja til vindkraft.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS