nyhende
Kommunane kan få motorvegplan i fanget
Statens Vegvesen bråsnur og rår til at kommunane, og ikkje staten, blir planmynde for ny E39 gjennom Sveio, Tysvær og Bokn. Sveio-ordførar Linn Therese Erve (Ap) er ikkje begeistra.
Statens Vegvesen er i full gang med planlegging av ny E39, med fire felts motorveg frå Bokn i sør til Hope i Sveio i nord. Vegvesenet råda så seint som 12. september i fjor til at prosjektet skulle vere ein såkalla statleg arealplan på heile strekket.
Statlege planar er vanleg i prosjekt som blir vurdert som særleg viktige for landet, og som hastar med å gjennomføre. Prosessane er elles nokså like som kommunale, mellom anna med offentlege høyringsrundar, men kor det altså er staten og ikkje kommunane som vedtar endelege trasear.
Kuvending
Men no har Vegvesenet allereie endra meining om Bokn-Hope. Dei rår at kommunane blir planmynde. Det går fram av eit brev som Statens Vegvesen sende til Samferdselsdepartementet 4. januar i år.
Vegvesenet viser til at ein med dei førespegla rammene for ny Nasjonal transportplan (NTP), så ser dei no at det vil ta særs lang tid før det vil vere aktuelt med full utbygging av denne strekninga.
— Sjølv om vi meiner at mange av kriteria for bruk av statleg arealplan er oppfylt, og kommunane har bedt om det, vil det ikkje vere hensiktsmessig å bruke statleg plan for eit prosjekt som vi ikkje veit når vil komme til gjennomføring, heiter det i brevet som er signert sakshandsamar Dag Erlend Arntsen og avdelingsdirektør for økonomi, Rita Kvivesen.
Vegvesenet poengterer i brevet at det er tid til å bruke dei ordinære mekanismane i plan- og bygningslova om det oppstår usemje. Vegvesenet legger til at det vil vere viktig å få vedtatt ein kommunedelplan for strekningen.
— Det vil vere nyttig for kommunane i deira arealplanlegging og fordi det kan vere aktuelt å utbetre eller bygge delstrekningar, skriv vegvesenet i brevet.
Krev statleg finansiering
I Sveio kommune jobbast det for tida på høggir for å få landa både overordna kommuneplan, sentrumsplan og anna. Å måtte ta hand om delar planarbeidet for ny E39 står difor ikkje øvst på ønskelista, og Sveio-ordførar Linn Therese Erve (Ap) er ikkje begeistra over Vegvesenet si kuvending.
— Formannskapet i Sveio har vedtatt at Sveio ber om statleg plan på dette strekket, og det er framleis vårt synspunkt. Dersom planarbeidet skal gjennomførast med kommunane som planmynde, må staten finansiere dette arbeidet. Med statleg finansiering av planarbeidet vil ein unngå stor belastning på kommunane sine ressursar på dette området, skriv ho i en SMS til Vestavind.
Ho skal orientere om saka i formannskapet 16. januar.
Prosjektleiar Henry Damman i Statens Vegvesen reknar med at departementet vil støtte Vegvesenet sitt forslag, og at kommunane altså må førebu seg på meirarbeid med E39-planen. Men han presiserer at det er her snakk om ein såkalla paragraf 3-7-avtale etter plan- og bygningslova. Det betyr at Statens vegvesen utarbeider planen og legger den ut til offentleg ettersyn, mens kommunane må sluttbehandle og vedta den. Ifølgje Damman vil kommunane overta arbeidet først ved andre gongs behandling av planen.
Men han legger til at det blir noko meirarbeid for politikarane, som vil få ein god del dokument å lesa seg opp på.
— Er det viktig at kommunane prioriterer denne planen?
— Den treng ikkje å ligge øvst i bunken. Men heller ikkje så langt ned, presiserer han.
Han seier at om kommunane får gjort vedtak i 2024 eller 2025, så kan Vegvesenet spelet inn behov for planmidlar for å gå i gang med reguleringsarbeid.
— Det arbeidet tar fort 2-3 år, seier han.
Med ein tidsplan som skissert anslår han tidlegast byggestart for ny E39 Bokn-Hope i 2033 eller 2034, og at Bokn-Hope i så fall står ferdig i 2038 eller 2040.
Vegvesenet vil etter planen leggje planprogrammet for E39 Bokn-Hope på høyring i løpet av våren 2023.