nyhende

Kommunalsjef Ingunn Toft er svært nøgd med tilsetjinga.
Kommunalsjef Ingunn Toft er svært nøgd med tilsetjinga.

Kommunalsjefen nøgd: – Ho takka ja

Kommunalsjef for helse og omsorg Ingunn Toft er svært glad etter å ha tilsett ein ny lege i Sveio. No held arbeidet fram med å lysa ut den ledige legestillinga i Førde.

Publisert Sist oppdatert

Ingunn Toft har grunn til å vera nøgd som kommunalsjef for helse og omsorg i Sveio.

– Me gav tilbod denne veka, og ho me gav tilbod til har takka ja, seier Toft.

Veldig nøgd

Det er ikkje avtalt dato for oppstart enno, men det vert om cirka tre månadar fortel kommunalsjefen.

– Kva føler du no om tilsetjinga?

– Eg er veldig nøgd med å ha fått ein lege på plass, det er veldig positivt at me fekk ei dame sidan den som skal slutta i Førde også er ei dame. Då held me ved like at me har ein kvinnelege lege, seier Toft.

Må finna ny lege til Førde

No skal dei jobba vidare med å lysa ut ei legestilling i Førde. Sjølv om dei hadde fleire til intervju på legestillinga i Sveio, så var det ingen interesserte til stillinga i Førde.

– Dei legane som søkte på stillinga i Sveio blei spurt og sa at det ikkje er aktuelt, svarar Toft.

Powered by Labrador CMS