nyhende
Komikar frå Sveio debuterte med sitt fyrste soloshow
Den lokale komikaren Hans Magne Skard frå Ulveraker i Sveio har halde på med stand up-komikk i ti år. Nyleg heldt han sitt fyrste soloshow på Nieu scene i Oslo.
Det var nest siste helga i april at komikaren gjekk på scena, for fyrste gong heilt åleine.
— Eg kjende litt meir press enn vanleg og hadde høgare skuldrer enn eg bruker å ha, men eg hadde samstundes ei god kjensle, og det gjekk veldig bra, seier Skard.
Liv og daude
Showet, som har fått namnet «Rett i pennalet – om du på død og liv skal sette opp et stand up-show», er ei tematisering av livet og dauden.
— Dauden fungerer som ein raud tråd gjennom showet. Dette er eit tema me ikkje snakkar så mykje om, iallfall ikkje i Noreg. Showet handlar òg mykje om livet. Målet er ikkje at det skal vera tunglynt, men heller muntert og optimistisk, seier Skard.
Han understrekar at somme kan oppleva tematikken som tungt fordøyeleg, men at han likevel fekk særs gode tilbakemeldingar frå dei mest uventa tilskodarane.
— Sjefen i eitt av Noregs største gravferdsbyrå var der òg, og han hadde berre gode ord å koma med, seier Skard.
Å få folk til å le
— Kva er det aller kjekkaste med å vera komikar?
— Det er kjekt å stå på scena, vera kreativ og utfordra seg sjølv. I tillegg er eg veldig glad i å få folk til å le. Komikarmiljøet er eit kjekt og livleg miljø å vera del av, seier komikaren.
Han utelukkar ikkje at han og den humoristiske sansen tek turen til heimkommunen ein vakker dag.
— Det hadde vore veldig stort å opptre i Sveio ein gong!