nyhende
Kom med kunstgåve til Sveio kommune
Kommunestyresalen er ein arena for politikarane, men også vigslar og møte og andre samlingar i kommunal regi. No kan dei som er innom kvila augene på ny veggpryd av Sveio sin eigen komponist.
Fartein Valen-Sendstad og Sølvi Vinnes har gitt ei kunstgåve til Sveio kommune. Måleriet
viser Fartein Valen (1887-1952) i ung alder, og er i følgje givarane, kanskje det finaste som
finst av han. Dei har nyleg kjøpt måleriet som tidlegare var eigd av songpedagog Sine Butenschøn.
– Ho var ein dedisert elev av Fartein, ja rett og slett ein «Valen-fan» på 1930-talet, fortel Valen-Sendstad.
Takka for støtte
I forkant av kommunestyremøtet 20. september, fekk politikarane overraskinga på direkten. Vinnes og Valen-Sendstad kom med gåva til Sveio kommune, som blei avduka der og då.
– Me har mange bilde av Fartein Valen, fire av dei av Agnes Hiorth. No har me eitt til, og det er eitt av dei finaste. Dette har me lyst til å gi til Sveio kommune, som har støtta oss godt, sa Fartein Valen-Sendstad like før avdukinga.
Sveio kommune har mellom anna gitt tilskot til vedlikehald og maling av Valenheimen, eit stort sveitsarhus bygd i 1903. Kommunen stiller også med sekretær i Valenheimen kulturscene.
– Me er takksame for ope og godt samarbeid, seier grandnevøen til Vestavind.
Måla av venninna
Det er Fartein Valen si nære venninne, Agnes Hiorth (1899-1984) som har ført portrettet i
penselen. Ho måla mellom anna kong Haakon, kronprins Olav og prins Harald. Fartein sjølv sat modell 14 gonger.
– Agnes besøkte Valenheimen fleire gonger, og Fartein kalla ho «st. Agnese», ikkje utan grunn. Ho sende mykje til heimen i Øvre Valo, alt frå aviser til helsepakkar, kaffi og ny lampe, fortel Valen-Sendstad.
Ekteparet er busett i Sandnes, og eig Valenheimen i Valevåg, der veggane
er rikt dekorerte med ulike måleri. Dei brukar komponistheimen som fritidseigedom, men
dørane står alltid opne for dei som vil sjå, høyra og kjenna på stemninga.