nyhende

Vestland skal vera ein pådrivar for klimaomstilling, og då trengst ein god klimaplan. No kan du vera med og påverka ved å kome med innspel til kva tema som bør med i planen.
Vestland skal vera ein pådrivar for klimaomstilling, og då trengst ein god klimaplan. No kan du vera med og påverka ved å kome med innspel til kva tema som bør med i planen.

Kom med innspel til ny klimaplan for Vestland

Naturmangfald, klimafotavtrykk, klimarettferd, utsleppsreduksjon og klimatilpassing er nokre av stikkorda for klimaarbeidet til Vestland fylkeskommune. Planprogrammet for regional plan for klima er ute på høyring – og alle kan kome med innspel.

Vestland fylkeskommune er i gong med å lage regional klimaplan. Dei er i ein tidleg, men svært viktig fase i prosessen når me no lagar planprogrammet, som er «planen for planen». Her skal på plass tema som skal utdjupast i den endelege planen.

Planprosessen er viktig

Fylkesutvalet har vedteke å sende planprogrammet på høyring, og fristen for å kome med innspel er 18. juni.

– Slik kan me få ein god klimaplan, som hjelper oss å dra heile Vestland i same retning, nemleg mot målet om at me skal vere ein pådrivar for klimaomstilling og nullutslepp innan 2030, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Tre hovudområde

Utgangspunktet for klimaplanen er nemleg at Vestland skal vere ein pådrivar for klimaomstilling. Klima og miljø som premiss for samfunnsutvikling er mål nummer to i utviklingsplanen for fylket, som fylkestinget vedtok i fjor haust.

I utkastet til planprogram som no er ute på høyring, føreslår fylkeskommunen desse tre hovudområda i planen:

  • utsleppsreduksjon
  • klimatilpassing
  • å sikre naturmangfald

Det er vidare valt ut fem plantema me skal jobbe meir med basert på desse hovudområda.

Jo fleire, jo betre

Fylkesordføraren oppmodar alle delar av vestlandssamfunnet til å engasjere seg i dette viktige arbeidet: bedrifter, kommunar, lag og organisasjonar, ungdomsråd, privatpersonar, alle som vil.

– Jo fleire som engasjerer seg, jo betre grunnlag har me for å lage ein grundig, relevant og godt forankra plan, seier Askeland.

Sjølve klimaplanen skal vere ferdig hausten 2022.

Powered by Labrador CMS