nyhende
Kom «heim» og blei dagleg leiar
Vegard Nordvik (43) er tilbake hos Sveio Auto AS – og no er sveibuen tilsett som dagleg leiar i verksemda.
— Det var ikkje noko å lure på, eg kunne ikkje takke nei til tilbodet om leiarstillinga, seier Vegard Nordvik.
Veit kva han går til
Han er bilmekanikar i botn, og hadde 12 års fartstid hos Sveio Auto då han for åtte år sidan forlét verksemda for å prøve seg hos andre. Det vart først ein periode hos Haukås Bilverksted AS før verden gjekk vidare til Møller Bil i Haugesund.
Men no er altså Nordvik, som opphavleg kjem frå Hovda ved Bua – og er busett i Sveio, komen «heim» att. Då han returnerte til Sveio Auto AS vart 43-åringen var først tilsett som teknisk leiar, før han nyleg også fekk tilbodet om å bli dagleg leia. Han trengte ikkje lang tid å tenke seg om på då tilbodet kom, for i tillegg til å bli trigga av leiarrokka, er det ei verksemd med tilsette han kjenner godt.
— Med unntak av éin, er det dei same som jobbar her no, som den gongen eg forlét dei sist, fortel han.
Fem tilsette
Verksemda, som har fem tilsette, består av bilverkstad og bruktbilsal. I tillegg har dei både dekksal og dekkhotell. Nyleg vart dei også sertifisert som bilskadeverkstad. Den endringa betyr at reparasjonar som tidlegare vart utført i Etne, på vegner av Sveio-verkstaden, no blir gjort i Sveio. Nytt av året er at dei også er blitt forhandlar av tilhengarar.
Nordvik fortel at verksemd, som er tilslutta verkstadkjeda Sjekkpunkt, har kundar på heile Haugalandet. Og ser elles at elbilandelen har skote fart, også på verkstaden. Dei har alle godkjenningar dei treng også for å kunne både ha service og reparere elbilar.
— Elbilar er enklare å reparere enn tradisjonelle motorar, men dei treng både reperasjons av bremsar og kontroll av forstillingar dei også, slår han fast.
Sveio Auto AS er 100 prosent eigd av Etne Auto AS, kor etnebuen Ole Martin Grindheim er eineaksjonær. I 2021 omsette Sveio Auto for 7,3 millionar kroner og hadde eit resultat før skatt på i underkant av 400.000 kroner.