– Skogen er viktig for klimaet, men også for folkehelsa. Alle bør opphalde seg minst to timar i veka i skogen, det gjer underverk mot stress, angst og depresjon, seier Helene Nygaarsvik Ruud, toppsjef i Det norske Skogselskap.
Det er mykje skog her i landet, men det har ikkje alltid vore slik. På slutten av 1800-talet var den norske skogen kraftig uthogd. Opp mot to tredelar av tømmeret var hogd ned, utan tanke på kva følgjer det kunne få for skogane i framtida.
Pioneren Axel Heiberg forstod at noko måtte gjerast, og i 1898 tok han initiativet til å etablere Det norske Skogselskap. Målet var å atterreise dei norske skogane, og å drive kunnskapsformidling om kor viktig skogen er for nasjonen. Eitt av verkemidla var omfattande skogplanting, og han fekk det norske skuleverket med på laget. No er Det norske Skogselskap blitt ein landsomfattande medlemsorganisasjon, organisert i fylkesskogselskap.
Ein skoginfluensar
– I dag er det tre gonger så mykje skog her i landet som då Heiberg starta arbeidet. Han var det eg i dag vil kalle ein skogens influensar. Han var leiar i Skogselskapet i 50 år, og han gjorde mykje for å få opp kunnskapen om skogen og skogsdrifta. Og ikkje minst gjorde han mykje for å gjere skogplanting til ei samfunnsoppgåve, seier den noverande sjefen, Helene Nygaarsvik Ruud.
Den ferske skogsjefen tek imot oss i den staselege villaen til Skogselskapet i Wergelandsveien i Oslo. Midt mellom Litteraturhuset og Kunstnernes Hus, og med Slottsparken rett over gata, der ho kan nyte synet av dei vakre trea i parken frå kontorvindauget sitt.
Ho starta i jobben i sommar, etter å ha jobba ni år i Viken Skog.
Auka kunnskapen om skogen
– Vi er ein ideell organisasjon. Oppgåva vår er å auke kunnskapen om skogen, blant anna å få skulane til å bruke nærskogen til læringsarena. At han er viktig for folkehelsa er ein ting, men vi skal også fortelje om skogen som klimavinnar. At vi kan få produkt frå skogen som skal erstatte dei fossile kjeldene vi skal gå meir bort frå, som olje, kol og gass. Skogen er viktig som næring og som grøn råvare, seier Nygaarsvik Ruud.
40 prosent av dei norske klimautsleppa blir tekne opp av skogen, minner ho om.
Ho fortel at Skogselskapet har 7200 medlemer, både privatpersonar, verksemder og organisasjonar. Dei er ikkje ein interesseorganisasjon for skogeigarane, men for skogen i seg sjølv. Og engasjementet rundt skogen er stort.
Nærskogen
Mange brukar skogen, særleg nærskogen. Her er det stiar og skogsbilvegar folk brukar til å trim og rekreasjon. Det fører ofte til eit sterkt engasjement. Eit eksempel er når moderne skogsmaskinar tek over turområda og driv det som blir kalla flatehogst. Når store område med skog blir teke ned oppstår det eit sår i landskapet.
– Å drive hogst er heilt naudsynt. Vi må hugse på at vi lever av naturen. Skogen er ein ressurs for oss, men han må forvaltast og brukast på ein berekraftig og klok måte. Skogsdrifta har vorte effektivisert i takt med mekanisering og utviklinga i samfunnet etter krigen. Med det vaks det såkalla bestandsskogbruket fram, der flatehogsten har vorte dominerande form. No går trendane i retning av meir variert bruk av hogstformer som balanserer omsyn til skogeigar-økonomi, friluftsliv, biologisk mangfald og andre miljøverdiar, seier skogsjefen.
Har endra seg mykje
Ho fortel også om ei ny samansetting av treslaga og meir variasjon for å kome klimaendringane i møte. Skogselskapet trur den auka variasjonen i skogbruket vil gjere skogen meir motstandsdyktig mot eit varmare, villare og våtare klima, som framtidsskogen skal tilpasse seg.
Skogen må forvaltast. Og skogsdrifta har endra seg mykje dei siste 50 åra. Tømmerhoggaren med motorsag og som brukte hest til å frakte ned tømmeret, er erstatta av store skogsmaskinar. Er det vått, blir det ofte svært gjørmete av dei store maskinane. Men det er slik tømmerhogsten går føre seg i dag, og heldigvis ryddar dei fort opp etter seg så snart det er tørt nok, minner skogsjefen om.
– Ufortent dårleg rykte
Helene Nygaarsvik Ruud meiner flatehogsten har fått eit ufortent dårleg rykte. Naturvernforbundet er ein organisasjon som har engasjert seg mot denne hogstforma, der så å seie alle trea i eit området blir tekne ut. Dette meiner Naturvernforbundet er skadeleg for det biologiske mangfaldet i skogen.
– Det er heilt klart ein meiningsskilnad her, men samstundes må ein hugse at det faktisk ligg ein tanke bak denne hogsten også. Det er ikkje slik at skogeigarane berre dundrar på. Dei er pålagde store restriksjonar og sertifiseringsordningar, som er strengare enn lova krev. Men kanskje burde alle setje seg betre inn i synspunkta og arbeidet til kvarandre, seier ho.
Skogsjefen trekkjer også fram fordelane som kjem av skogsdrifta for dei som likar å bruke skogen. Utan hogst hadde det heller ikkje vore vegar i skogen ein kan gå på. Det hadde blant anna vore vanskeleg med til dømes barnevogn, eller skiløyper om vinteren for den del.
Skogplanting
Ruud er også klar på at det er viktig at dei som brukar skogen blir informerte om kva som skjer i skogen deira, blant anna gjennom skilting.
– Litt av utfordringa vi ser i dag er at alle ynskjer produkt frå skogen, men dei vil helst ikkje sjå eit hogstfelt frå turstien sin. Vi har allemannsretten, men også ein grunneigar har rettar og plikter. Derfor er det så viktig å informere folk om kva skog og skogbruk er, kva produkt vi får frå skogen og skape ei forståing av at skogforvalting er heilt naudsynt, seier ho.
I dag er det gode prisar på tømmer, og det er stor aktivitet i skogbruket.
I gamle dagar dreiv Skogselskapet mykje med skogplanting som del av arbeidet med å atterreise den norske skogen. I dag har skogeigarane teke over ansvaret for dette arbeidet, og Skogselskapet si viktigaste rolle i dag er å vere ein slags ambassadør for skogen.
Skogen som læringsarena
Ei viktig satsingsgruppe er barn og unge. I 2025 er det Friluftslivsåret, og Ruud fortel at dei no jobbar hardt med å planleggje skogsaktivitetar tilpassa blant anna skuleverket. I gamle dagar stod det i opplæringslova at elevane to gonger i året skulle delta i skogplanting, men no er det andre ting som skal stå i fokus.
– Det handlar om å få barn til å bli interesserte i skogen og alt han representerer. Men også at ein brukar skogen som læringsarena. Vi har i mange år drive med skuleskogdagar, der undervisinga skjer i skogen. Elevane treng å lære ulikskapen mellom dei ulike treslaga som finst, men også korleis dei skal oppføre seg i skogen. Det å fyre opp eit bål til dømes, men også lære meir om kva artar som held til her. Det er for mykje skjerm i skulen i dag, og ved å bruken skogen til læring kan vi vere med på å gjere barna meir aktive, seier ho.
Det å kunne vise fram breidda og mangfaldet i skogen er viktig, meiner ho.
Til beste for fellesskapet
I botnen for Det norske Skogselskap ligg alltid det faktum at skogen er ein naturressurs som må forvaltast på best mogleg måte til det beste for fellesskapet.
Skogselskapet har 18 fylkesskogselskap rundt om i landet, i stor grad inndelte etter dei gamle fylkesgrensene. Det er skogbruk over heile landet, og mykje av det som skjer i Skogselskapet, skjer nettopp i fylkesskogselskapa. Dei tilbyr alt frå skuleskogdagar, fagdagar, inspirasjonskveldar for kvinner, motorsagkurs for kvinner, skogdagar for usikre skogeigarar, lærarkurs, temamøte og mykje meir.
Livskvalitet i skogen
Og det blir ikkje mangel på arbeidsoppgåver i åra som kjem. Skogbruk er ei næring i vekst. Det betyr auka behov for arbeidskraft, både dei som kan jobbe som entreprenørar i skogen, men også innan forsking og utvikling.
– Skogbruket er ei framtidsretta og grøn næring. Vi opplever auka interesse for skogsdrift blant unge. Vi har hatt eit prosjekt retta mot dei i alderen 15 til 25 år, og i sommar hadde vi 150 ungdomar i arbeid i skogen. Dei pleiar ungskogen for å rydde plass til framtidsskogen, og samstundes får dei innsikt gjennom kursing og kompetansedagar. Det er ein fin måte å bli kjend med skogen som arbeidsplass, fortel Helene Nygaarsvik Ruud.
For målet til Det norske Skogselskap er klart: Alle menneske skal oppleve skog som ei verdfull kjelde til livskvalitet.