nyhende
Eit rådyr blei påkøyrd sør i Sveio måndag morgon.
Illustrasjonsfoto: Privat
Kolliderte med rådyr
Eit rådyr blei påkøyrd måndag morgon. Det skjedde på Tittelsnesvegen heilt sør i Sveio, nær fylkesgrensa.
– Dyret stakk til skogs. Det blei gjort mindre skader på bilen. Ingen personar kom til skade, opplyser vaktsjef Nina Fagerland ved Haugesund politistasjon til Vestavind.
Vestavind er ei uavhengig lokalavis for Sveio kommune i Vestland fylke. Avisa blei stifta i 1986, er på nynorsk og har papirutgåve ein gong i veka. Vestavind arbeider etter Redaktørplakaten og Ver Varsam-plakaten sine retningslinjer for god presseskikk.
Det er ikkje tillatt å kopiera frå denne sida eller legga ut skjermdump av artiklane til Vestavind. Me gjer merksam på at denne nettavisa blir samla inn og lagra av Nasjonalbiblioteket regelmessig.