nyhende

Trond Erik Opstad svarar på dei mange kommentarane innpå innlegget hans.FOTO: THOMAS VALLESTAD DRAGESET
Trond Erik Opstad svarar på dei mange kommentarane innpå innlegget hans.

Kokken opnar heimen og byr på julemat

Trond Erik Opstad delte eit innlegg på Facebook som har rørt mange. Han er åleine i jula og opnar heimen for andre som ynskjer å kome på julemiddag. — Tanken har eg hatt ganske lenge, seier han.

Publisert Sist oppdatert

Seint på kvelden søndag 4. desember var kokken Trond Erik Opstad ferdig med skiftet på skipet kor han jobbar. Fartøyet skulle snart legjjge til kai i Skottland. Han sat seg framfor datamaskina si, og sette ord på ein tanke som berre har vakse i han dei siste åra.

I eit innlegg på Facebook-sida «Kva skjer i Sveio?» inviterte Opstad til julemiddag heime hos seg sjølv. For alle som ynskjer eller ikkje har nokon å feire med.

Dette er innlegge Opstad la ut på Facebook.

Årsakene til at han opnar heimen sin er fleire, men mogelegvis den største kjem frå barndomen.

— Eg vaks opp på ein bondegard, og der var det av og til litt tøft økonomisk, seier Opstad.

No er han sjølv blitt vaksen og har råd til det han måtte trenge. Med erfaringa si som grunnlag vel han å gjere høgtida til noko annleis.

— Sidan har jula blitt ei fin anledning til å gjere noko. Det er berre ein tanke som har vakse i meg, seier Opstad.

Traff ei nerve

Mange var rørt og kom med rosande ord til Opstad for tilbodet sitt. Sjølv vart han overraska over responsen.

— Eg la meg til å sove med ein gong etter at eg hadde skrive det. Plutseleg byrja det å plinge på telefonen, fortel Opstad.

I skrivande stund er det 478 personar som har trykka på «liker» eller eit «hjarte». Innlegget har fått 65 kommentarar, og 25 personar har delt innlegget hans.

— Det synast at du traff ei nerve?

— Ja, når éin tør, så tør gjerne fleire. Det er noko med eit tabu. Alle veit korleis det er med økonomien. Det er tøffe tider og eg har råd til å kjøpe julemat. Så blei det sånn, seier Opstad.

Det vart mykje meir respons enn Opstad hadde forventa.

Då han opna datamaskina hadde han motteke fleire personlege meldingar på Facebook.

Nokon har gitt uttrykk for at dei vil kome, samstundes som dei synes at det er litt skummelt.

Opstad forstår kjensla.

— Det er ein uvand situasjon og ein blottlegg seg på ein måte, seier han.

Han bryr seg ikkje om kvifor nokon kjem, og svarar ærleg at sjølv var det skummelt å vere så open.

— Det er litt å blottlegge seg, men tanka har eg hatt ganske lenge. Det var då eg torde, den kvelden eg sat på båten, seier Opstad.

Godt trena julekokk

I fjor var han på båt i jula Då laga han mat for om lag 15 personar, om lag det same talet han har plass til heime.

— Eg har pleid å lage så mykje julemat at det har tote ut av øyrane på meg, men i år har eg ikkje fått laga noko, humrar Opstad.

Når Vestavind spør om julemat, har han mykje å fortelje.

— Eg er oppvaksen med pinnekjøtt, men det har vore ribbe ei stund grunna feiring med familie med andre tradisjonar. Så eg har berre blitt sånn begge deler. Og medisterkaker og julepølser også. Det er det som er julesmak – og julelukt, seier Opstad.

Og til dokker som kvart år håpar på det beste tipset om korleis laga god ribbe, så har Opstad ein roande beskjed.

— Du kan ikkje gjere det same med ribba kvart år, fordi dei er jo annleis frå kvarandre. Litt tjukkare, litt meir eller mindre fett her og der, slike ting. Så det er ein utfordring frå år til år, seier han.

— Så det er ei skjønsvurdering?

— Ja, kva type ribbe du brukar, og det same med pinnekjøt også, seier Opstad.

Han gler seg allereie til å dekke på middagsbordet, som han fortel er eit av fleire møblar han har snikra sjølv.

Samstundes som han pakkar ut frå sjøen skal han og få sett fram julepynten.

Det er ei stemning han ser fram til.

— Eg trur det kjem til å bli fullt her, seier Opstad

— Ynskjer du deg noko til jul i år?

— Nei, eg har alt eg treng. Eg ynskjer meg ei fin oppleving, at det skal bli ein fin tid, seier Opstad.

Powered by Labrador CMS