nyhende
Knall og mannefall då fyrverkeriet kom til Noreg i 1599
I dag markerer vi inngangen til eit nytt år med fyrverkeri. Tidlegare blei fyrverkeri berre brukt når ein skulle feire monarkiet, og fleire gonger opp gjennom historia med dødeleg utgang.
Fyrverkeri og saluttering var ein del av utdanninga til artilleri kadettane på Akershus festning. Det var då desse fann ut at dei kunne tene nokre ekstra skillingar ved å selje fyrverkeriet til det rike borgarskapet, at det blei meir utbreidd.
Ifølgje Gunnar Bentzen, sivilingeniør, fyrverkeridesignar og partnar i CFC Pyrotechnics AS, er omfanget av fyrverkeri i Noreg avgrensa samanlikna med mange andre land. Men vi har ein tradisjon for fyrverkeri og saluttering som strekk seg meir enn 400 år tilbake i tid.
Kongelege ulukker
Første gong krut dukka opp i Norden skal ha vore i Bergen i 1299. Då blir det fortald at ein hollendar forårsaka eit brak ved hoffet til kongen, Eirik II Magnusson. Braket var så høgt at «sterke menn falt ned av benkene og svangre kvinner fór ille derved».
Etter denne hendinga skal det ha gått 300 år før fyrverkeriet kom til Noreg. Kunnskapen om tilverking og avbrenning av fyrverkeri var reservert soldatar (artilleristar) som berre kongen, Christian IV, rådde over, og kongen brukte ei blanding av saluttering og fyrverkeri då han kom til Bergen hamn under førstegongsbesøket sitt i Noreg i 1599.
Det heile enda med at ein artillerist fekk ladestokken skoten gjennom magen og omkom. Ein artillerist blei forbrend og låg blind i tre dagar. Men ulukkene skal ikkje ha lagt dempar på festane.
I 1602 var Christian IV tilbake i Noreg, denne gong på Akershus festning i Oslo. Mannen som arrangerte fyrverkeriet denne gongen, var den første krutmeisteren vi kjenner til i Noreg, Paul Baumgarten.
Fyrverkeri som fredsteikn
Frederik III overtok trona etter Christian IV’s død i 1648. For anledninga blei han hylla på Akershus festning i august same år. Då blei det brent av 800 kanonsaluttar, mest truleg frå tilreisande skip i Oslo hamn.
Denne gong blei ingen drepne eller skadde under salutteringa, og dette blei sett på som eit merkverdig «Frederiks teikn» eller «Fredsteikn» i den overtruiske samtida.
I 1864 ble femtiårsjubileet for unionen med Sverige markert med smell og lysglimt. Dette var siste gong det norske militæret hadde ansvar for eit stort arrangement med fyrverkeri, også denne gong frå Akershus festning.
Ein artillerist i eit fyrverkerilaboratorium omkom då ein rakett blei tent ved eit uhell. Men artilleristane greidde likevel å levere fyrverkeriet framfor slottet, og slott og fyrverkeri er foreviga for ettertida på eit trestikk.
Mest truleg var dette fyrverkeriet med fargar, fordi ein nytta meir moderne oppskrifter som var følsame for friksjon – og som forårsaka ulukka.
Forbodssoner og alkohol
I moderne tid har nyttårsaftan vore ein dag øyremerkt for å fyre opp rakettane. Men dei seinare åra er det innført forbodssoner i fleire byar for å hindre brann og personskadar.
Torbjørn Brandeggen i Tryg Forsikring seier sikkerheita rundt oppskyting av fyrverkeri er blitt betydeleg betre dei siste åra, men at det framleis er ein trist gjengangar ein ser ved ulukker.
– Kombinasjonen av alkohol og fyrverkeri har vore ein gjengangar i skadestatistikken gjennom alle år. Vi oppfordrar alltid til måtehald, og i alle fall at den som fyrer opp batteriet er mest mogleg edru.
Tryggast mogleg feiring
Brandeggen og Tryg Forsikring har desse råda for dei som skal sende opp fyrverkeri på nyttårsaftan:
— Førebu oppskytinga i god tid medan det er lyst ute, spesielt batteri. Ikkje start i siste liten med å finne område å skyte opp fyrverkeriet. Ver også sikker på at det står stødig og ikkje veltar når det er i gang med å bli fyrt opp.
Det er også viktig å bruke vernebriller. Dei siste åra er fleire blitt flinkare til å ha tilgjengeleg vernebriller for alle som er til stades, og sjå til at det blir brukt, fortel Brandeggen.
Skulle fyrverkeriet ikkje bli fyrt av etter å ha blitt tent, er det viktig å la det liggje.
— Ikkje bøy deg over det. Prøv heller ikkje å fyre det av på nytt. Ofte kan det gå av medan du undersøkjer det. Tenk heller at det ikkje fungerer og undersøk det i staden på dagtid neste dag.
Det er freistande å la restane frå fyrverkeriet liggje etter feiringa, men Brandeggen oppmodar til å rydde dette så tidleg som mogleg for å hindre ulukker neste dag.
— Hugs å rydde opp etter deg. Neste dag er det fleire barn som kan kome forbi og plukke opp restar. Om det ikkje er tent ordentleg, kan det bli farleg.
Kjelde: Gunnar Bentzen, sivilingeniør, fyrverkeridesignar og partnar i CFC Pyrotechnics AS
(©NPK)