nyhende

Straumen blir grisedyr enkelte stader i landet i morgon. Foto: Erik Flaaris Johansen / NTB / NPK
Straumen blir grisedyr enkelte stader i landet i morgon.

Klokka 17.00 i dag vil det kosta 34 kroner å dusja i fem minuttar

Straumen blir svært dyr i delar av landet i dag. I området NO2 – Sørvestlandet, der Sveio høyrer til – blir maksprisen rekordhøge 13,39 kroner kilowattimen (kWh) før straumstøtte. I Nord-Noreg vil snittprisen i dag ligga på 12,1 øre.

Publisert Sist oppdatert

Snittprisen ligg per kilowattime på 4,087 kroner i Sørvest-Noreg torsdag. Maksprisen blir på 10,53 kroner mellom klokka 17 og 18 – men dette er før avgifter, straumstøtte og andre faktorar. Tek ein med moms, forbruksavgift og avgift til Enova aukar han til 13,39 kroner. Då vil det kosta deg 34 kroner å dusja i fem minuttar.

2,87 kroner høgare enn same dag i fjor

Etter straumstøtte blir prisen i realiteten 2,14 kroner. Nettleiga kjem i tillegg. Trekk ein frå straumstøtta, vil ein dusj i fem minuttar kosta «berre» 12 kroner.

Snittprisen per kWh torsdag er 1,51 kroner høgare enn onsdag og 2,87 kroner høgare enn same dag året før, viser tal frå hvakosterstrommen.no.

I andre delar av landet blir det langt lågare prisar:

  • Søraust-Noreg ligg på eit snitt på 2,81 kroner per kWh torsdag
  • Vest-Noreg 1,22 kroner
  • Midt-Noreg 89,1 øre
  • Nord-Noreg ligg heilt nede på 12,1 øre for kvar kilowattime i snitt.

Prisane har vore høge dei siste dagane på grunn av lite fornybar energi på kontinentet.

Powered by Labrador CMS